SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 19 skann 21

19 4. ORDNINGA AV DEN VIDAREGÅANDE SKOLEN 4.1. Grunnleggjande prinsipp Ordninga av den vidaregåande skolen byggjer på to hovudføresetnader: - etter avslutta grunnskole skal alle ha høve til å få vidaregåande opplæring, - innanfor ramma av det undervisningstilbodet som den vidaregåande skolen gjev, skal elevane så langt det er mogeleg sjølve få velje utdan- ningsveg. For å kome desse krav i møte må ein ordne undervisningstilbodet i den vidaregåande skolen innanfor ei forholdsvis vid ramme. Ramma må vere slik at det går an å endre det faglege innhaldet, fagkombinasjonane og arbeidsmåtane. Skolen må vere ordna slik at elevane får høve til å velje og til eventuelt seinare å endre den fagkombinasjonen dei har valt. Ein må rekne med at det i alle utdanningsvegar vil vere elevar som ønskjer å gå over til ei anna studieretning eller å gå ut i arbeidslivet etter eitt eller to år. Den vidaregåande skolen stiller elevane overfor ein del val: Eleven må bl.a. velje studieretning, og innanfor kvar studieretning må han/ho velje linje. I alle yrkesfaglege studieretningar skal elevane så vidt mogeleg kunne velje mellom kurs som legg hovudvekta på yrkesopplæring (1-årige grunnkurs og vidaregåande kurs) og kurs med ein breiare allmenn fagkrins ved sida av den eigenlege yrkesopplæringa (2-årige grunnkurs). Elevane kan velje om dei vil gå eitt, to eller tre år i den vidaregåande skolen. Ordninga er slik at ein elev som sluttar etter eitt eller to år, likevel skal ha fått ei avrunda opplæring. Samtidig er fagplanane for ein del studieretningar og linjer lagde opp slik at dei gjev ein samanhangande progresjon for dei elevane som går tre år i den vidaregåande skolen. 4.2. Studieretningar og linjer Elevane må velje studieretning alt når dei tek til med den vidaregåande opplæringa. I alle studieretningar er det dessutan fleire linjer. I regelen
Skann 21 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 19». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/21/