SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 20 skann 22

20 kan elevane velje linjer alt det 1. året, men i ein del tilfelle kjem linjedelinga først på eit seinare steg. I enkelte studieretningar blir somme linjer i grunnkurset delte opp i fleire linjer i vidaregåande kurs. Nedanfor følgjer ei oversikt over dei studieretningane og linjene som det for tida er tilbod om i den vidaregåande skolen. Grunnkursa kan vere 1-årige og 2-årige, og i somme studieretningar finst også kortare kurs, t.d. 1/2-årige kurs. Oversikta gjev ikkje fullstendige opplysningar om kva for krav som blir stilte for å bli oppteken på eit vidaregåande kurs. I nokre handverks- og industrifag kan elevar med ulike grunnkurs bli opptekne på det same vidaregåande kurset. Eit grunnkurs kan som oftast kvalifisere til opptak på fleire vidaregåande kurs. Kurs som har forsøksstatus, er ikkje tekne med i oversikta. Det melder seg stadig behov for nye typar opplæring, og det vil derfor etter kvart kome til nye linjer. Det er også i gang eit utgreiingsarbeid om grunnopplæringa i studieretning for handverks- og industrifag. Studieretning Grunnkurs Vidaregåande kurs I Vidaregåande kurs II Allmenne fag Inga linjedeling Naturfaglinje Naturfaglinje Samfunnsfaglinje Språklinje' Samfunnsfaglinje Språklinje Estetiske fag Husflidslinje * Vevlinje Fritidsassistent Aktivitør Saumlinje Linje for tre- og metallforming Tekstilassistent Husflidsarbeidar Linje for tekstilforming Linje for teikning/form og farge Musikklinje Musikklinje Musikklinje Handels- og Inga linjedeling kontorfag Kontor- og administra- Marknadsføring sjonslinje Edb Edb Økonomilinje Rekneskap/økonomi Hushaldsfag Husstellinje ** Husmorvikar kurs Kokkelinje Sentral Servitørlinje lærlingskole Grunnkurset kan vere 1-årig grunnleggjande kurs i formingsfag med hovudvekt på teikning/form og farge, eller 1/2-årig kurs i formingsfag med hovudvekt på 1/2-årseiningar i eitt av desse faga: vev, saum, tekstilforming og tre- og metallforming. ** 1-årig grunnkurs i husstell og 1/2-årig husstellkurs. Det 1/2-årige kurset kan ved nokre skolar kombinerast med ei 1/2-årig påbygging i husstell eller med 1/2-årige kurs i saum eller husflidsfag.
Skann 22 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 20». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/22/