SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 18 skann 20

elevar i andre studieretningar og med andre yrkesmål enn ein har sjølv. Ordninga i den enkelte skolen vil sjølvsagt vere avhengig av lokale for- hold, som t.d. kor stor skolen er, kva for tilbod om studieretningar, linjer og valfag skolen har, holdningane hos lærarane og elevane osv. Men overalt bør ein prøve å kome fram til ein rimeleg kombinasjon av faste grupper som kvar elev kan vere spesielt knytt til, og omgruppering av elevane i ein større eller mindre del av undervisningstida. Så langt råd er bør ein ordne skoledagen slik at elevane får ein midttime (fri ein time) ein eller fleire dagar i veka. For ein del kurs vil det vere mogeleg med ein midttime kvar dag. Midttimen kan ein bla. knyte til elevrådsarbeid, sosialpedagogiske tiltak og andre aktivitetar utanom den vanlege undervisninga. Gjennom midttimar kan elevar som går i ulike studieretningar og linjer, få vidare høve til å samarbeide.
Skann 20 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 18». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/20/