SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 17 skann 19

3. Læreplan. Del 1. Nynorsk 17 ha, nettopp å utvikle slike eigenskapar. Ein skal også hugse på at eit representativt system av det slaget som no blir innført, likevel ikkje aleine vil føre til ei sterkare demokratisering av skolesamfunnet. I råds- og styreorgana er det berre ein liten del av elevane som kan vere med. Allmannamøte kan vere eit middel til å engasjere breiare grupper av elevar. Eit anna nødvendig middel er god kontakt mellom skoleleiinga, elevrepresentantane i elevrådet og skoleutvalet og elles god informasjon. Gjennom allmannamøte og breiare meiningsutveksling blant elevane kan større grupper vere med på å få sin innverknad på vedtaka som bl.a. skoleutvalet gjer. Men demokrati i skolen er ikkje berre eit spørsmål om direkte eller indirekte innverknad i viktige fellessaker. Det er også eit spørsmål om den innverknaden kvar enkelt har på sin eigen situasjon i dagleglivet og i det daglege arbeidet. Det frie valet av studieretning, linje og valfag tener bla. dette formålet, men elevane bør også vere med å bestemme opplegget i det enkelte faget innanfor dei rammene som fagplanane og andre omsyn set. Fagplanane i denne læreplanen er rettleiande planar. Det vil seie at dei gjev lærarane og elevane større fridom enn tidlegare læreplanar både når det gjeld å velje emne og arbeidsoppgåver og når det gjeld arbeidsmåtar. Valfridommen kan variere frå fag til fag, men alle fagplanane krev ei nærmare planlegging av undervisninga og arbeidet i kvar klasse eller gruppe. Denne planlegginga bør læraren og elevane vere saman om. Det er ei viktig oppgåve for læraren å forklare elevane kva vedkomande fagplan krev eller gjev orientering om, og rettleie elevane slik at dei betre kan vere med å planleggje. Det er elles ein rett og ei plikt for læraren å ha fagleg ansvar for undervisninga, og for at ho følgjer ein fornuftig arbeidsplan. Det ligg også i denne arbeidsmåten at ein stadig må vurdere dei planane ein etter samråding kjem fram til. Arbeidet i klassen eller i gruppa bør vere lagt opp slik at kvar elev står fritt til å velje emne og arbeidsmåtar for seg sjølv i den grad dette er formålstenleg, og innanfor dei rammene som arbeidet i klassen eller i gruppa set. Det er også viktig for det sosiale miljøet i ein skole og for den sosiale opplæringa kva for måte ein set opp klassane eller gruppene på (ordninga av undervisninga). I alle vidaregåande skolar har det til det siste vore vanleg med nokså faste klassar. I den nye vidaregåande skolen vil det vere nødvendig med meir varierte klasseordningar. Dei forskjellige måtane å ordne undervisninga på er nemnde i kapittel 4. Her skal vi minne om at dei faste klassane har sine store sosiale fordelar. Mange elevar kan kjenne seg utrygge og heimlause dersom dei ikkje har eit mindre sosialt miljø som dei er særleg knytte til. Men dei meir fleksible ordningane har også sine fordelar. Dersom elevane til ein viss grad skal kunne velje fag fritt, er det nødvendig å omgruppere dei i valfaga. Når elevane på den måten får samarbeide med ei breiare gruppe av medelevar, kan det hjelpe til å knyte dei sterkare til skolesamfunnet. Det kan også vere ein verdifull del av den sosiale oppsedinga å venje seg til å samarbeide i ulike grupper og med
Skann 19 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 17». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/19/