SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 16 skann 18

16 3. SKOLESAMFUNNET Den vidaregåande skolen har ei vid målsetjing. Han skal ikkje berre gje kunnskapar og utvikle intellektuelle og andre nyttige dugleikar, men også hjelpe elevane i deira emosjonelle, etiske, sosiale, estetiske og fysiske utvikling. Blant anna skal skolen gjere elevane fortrulege med demokratiske samarbeidsformer og samlivsformer. Lære- og arbeidsstoffet i den vanlege undervisninga er sjølvsagt viktige middel også i denne samanhengen, men like viktige er dei arbeidsmåtane ein bruker, og dei røynslene elevane gjer i skolesamfunnet. Samtidig som det er eit mål i seg sjølv at demokratiske idear om medbestemming, samarbeid, toleranse osv. bør prege skolen som alle andre arbeidsplassar, skal skolen bl. a. gjennom den måten skolesamfunnet er ordna på og den ånda som rår i skolen, vere med på å utvikle gode sosiale eigenskapar og dugleikar. I lov og reglement er det fastsett at kvar skole sjølv i større grad skal avgjere ei rekkje saker som tidlegare har vore bestemte av styresmakter utanfor skolen. Blant desse sakene er kva for valfag skolen skal tilby, korleis undervisninga skal vere ordna, og korleis ein skal disponere rammetimetala og andre ressursar, og reglar om rettane og pliktene til elevane. Skoleorgana skal dessutan uttale seg om ei rekkje andre spørsmål før dei blir avgjorde av andre styresmakter. Kvar skole skal ha eigne rådsorgan for elevane, lærarane og andre tilsette, og for kvar skole skal det vere eit skoleutval, som skal ha den høgste avgjerdsretten på skolen på ei rekkje område. Skoleutvalet skal etter lova ha sju medlemmer. Av desse skal to veljast av fylkesskolestyret, to av lærarrådet, to av elevrådet og ein av rådet for resten av personalet ved skolen. Gjennom rådsorgana og skoleutvalet og dei oppgåvene desse har fått, er det lagt eit grunnlag for større sjølvstyre for kvar skole. Men for at det som står i lov og reglement skal kunne føre til at elevane, lærarane og dei andre tilsette verkeleg får vere med å bestemme, må også andre vilkår bli oppfylte. Blant desse vilkåra er først og fremst demokratiske dugleikar og holdningar. Med det tenkjer ein bl.a. på kjennskap til og respekt for demokratiske reglar, respekt for meiningane til andre, evne og vilje til samarbeid og kompromiss og evne til å leggje fram meiningane sine. Det er også elles eit formål med dei nye organa og dei nye oppgåvene dei skal
Skann 18 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 16». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/18/