SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 15 skann 17

reglar og retningslinjer her. Men kvar skole bør sjølv undersøkje kva for tilbod som finst i lokalsamfunnet, og vurdere kva for samarbeidsformer som passar best der. Siktemålet må vere at så mange elevar som mogeleg - i alle studieretningar - kan få arbeidsrøynsler utanfor skolen. Den vidare gåande yrkesopplæringa bør så langt det er mogeleg vere ein kombinasjon av skolegang og aktivt yrkesarbeid. Den endringa og utbygginga av det vidaregåande skoleverket som vi no står overfor, vil på mange måtar få følgjer både for det lokale samfunnet og for heile landet. Gjennom utdanningstilboda kan ein vidaregåande skole vere med å styrkje eller bremse utviklingstendensar i sitt område. Det er derfor viktig at kvar skole både når det gjeld studieretningar, linjer og valfag og når det gjeld innhaldet av opplæringa, tek omsyn til dei lokale behova. På den måten kan skolen vere med å styrkje arbeidslivet og samfunnet omkring skolen. Det bør også vere ei oppgåve for ein vidaregåande skole å vere med på å stimulere kulturlivet og styrkje kulturelle verdiar i det lokale miljøet. Skolen kan bla. gje sitt til det lokale samfunnet ved å stille lokale og utstyr til disposisjon for vaksenopplæring, etterutdanning, idrett og kulturtiltak og andre fritidsaktivitetar. Ofte vil det også vere ein fordel om slike tiltak blir arrangerte av skolen. Den vidaregåande skolen bør også prøve å løyse oppgåvene sine i samarbeid med heimane. Det er særleg viktig at heimen blir godt informert om innhaldet av skolen, om studieretningar og kompetanse, og om tilboda for vidare opplæring og arbeid. Så langt det er praktisk mogeleg, bør skolen stimulere foreldra til å ta aktivt del i det arbeidet skolen gjer.
Skann 17 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 15». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/17/