SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 14 skann 16

14 2. SKOLEN OG SAMFUNNET Den vidaregåande skolen skal førebu elevane til yrkes- og samfunnslivet. Det kan han gjere både gjennom den praktiske og teoretiske yrkesopplæringa og gjennom undervisninga i samfunnsfag og andre allmenne fag. Men det er grenser for kor mykje skolen kan gje elevane av allsidige og realistiske røynsler om samfunnet og yrka. Derfor bør ein også bruke dei kunnskapskjeldene og opplæringstilboda som finst i arbeidslivet og i nærmiljøet elles utanfor skolen. Det kan ein gjere på mange måtar. Skolen kan invitere representantar for bedrifter, offentlege institusjonar og organisasjonar til å kome til skolen og orientere og på andre måtar vere med i undervisninga. Elevane kan gjere ekskursjonar til arbeidsplassar og til institusjonar. På den måten kan dei ved sjølvsyn bl.a. få høve til å setje seg inn i korleis bygda eller byen blir styrt. Elevane kan også vere med på å undersøkje sosiale, økonomiske og andre forhold i lokalsamfunnet. Det vil vere svært verdifullt om skoleelevane kan bli engasjerte i prosjekt til fordel for bygda eller byen, t.d. i sosiale eller kulturelle tiltak. Kortare arbeidsopphald i arbeidslivet kan vere med på å gjere elevane kjende med forhold og oppgåver der, og dermed supplere og styrkje den opplæringa skolen sjølv gjev. I mange yrke går ein større eller mindre del av opplæringa for seg i bedriftene gjennom lærlingordninga. Oftast blir lærlingordninga praktisei slik at bedrifta tek seg av den praktiske opplæringa, mens skolen underviser i yrkesteori og enkelte andre teorifag, eventuelt også supplerande praktisk opplæring. Denne opplæringsforma vil også i framtida vere vanleg, men det er også etablert andre samarbeidsformer mellom skole og arbeidsliv, slik at elevane får ein del av opplæringa i skolen, mens andre delar av øvinga er lagde til ei eller fleire bedrifter utanfor skolen, eller slik at skolen tek på seg arbeidsoppdrag som eit ledd i opplæringa. Vidare utvikling av samarbeidsformer mellom skole og arbeidsliv vil bli ei vesentleg oppgåve i den vidaregåande opplæringa. Læretilboda utanfor skolen varierer sjølvsagt mykje frå studieretning til studieretning og frå linje til linje innanfor den same studieretninga. Tilboda og dei formene samarbeidet skole/arbeidsliv kan ha, vil også vere avhengige av lokale forhold. Det er venta å kome ei utgreiing om samarbeidet skole/arbeidsliv, og det vil seinare bli vurdert om det er behov for nye
Skann 16 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 14». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/16/