SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 13 skann 15

1.9. Åndsfridom og toleranse Også her står skolen overfor ei tosidig plikt og oppgåve. På den eine sida skal elevane oppleve at skolen viser respekt for deira ulike meiningar og ikkje minst for dei tradisjonane dei tek med seg frå heimen til skolen. På den andre sida skal skolen vere med på å oppsede elevane til å respektere andre menneske og meiningane, holdningane og bakgrunnen til andre i vid meining. Skolen skal sjølv praktisere toleranse og dermed vere med på å fremje toleranse som grunnleggjande innstilling. 1.10. Økologisk forståing og internasjonalt medansvar Utnyttinga av naturen har på mange måtar utarta til rovdrift. Både i vårt land og i andre land skjer det ei skremmande øydelegging av plante- og dyrelivet. Jorda er i ferd med å bli fattigare og livsgrunnlaget for menneska truga med å bli redusert. Samtidig er luft og vatn og andre naturverdiar i ferd med å bli forgifta. I denne situasjonen må den vidaregåande skolen, på same måte som grunnskolen, sjå det som ei viktig oppgåve å gje elevane kunnskapar om dei trugslane vi står overfor og den samanhengen desse har med økonomiske, sosiale og politiske forhold. Undervisninga må ikkje berre ha som mål å orientere og dermed gje elevane stoff til sjølve å kunne vurdere korleis ein kan snu utviklinga, men også vere med på å skape positive holdningar til natur- og miljøvern. På same måten må skolen kjenne ansvar for at den neste generasjonen kan løyse dei sosiale og politiske oppgåvene i verda på ein betre måte. Elevane må få orientering som kan hjelpe dei til å forstå kvifor verda i så høg grad er prega av krig og av konfliktar mellom nasjonar og trugslar om krig.
Skann 15 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 13». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/15/