SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 12 skann 14

12 På same måten kan ein formidle kjennskapen til og forståinga for dei demokratiske ideane ved at elevane sjølv er med på å styre skolen og har innverknad på sin eigen situasjon. Demokratiske styre- og samlivsformer i skolen vil elles ikkje berre seie at elevane er med i dei organa som er instituerte i lov og reglement, men at dei også er med på å bestemme over undervisninga og det innhaldet og den forma undervisninga skal ha. Forholdet lærar/elev må vere prega av samarbeid og samvirke. Skolen kan på same måten gjere elevane fortrulege med vitskapleg tenkjemåte og arbeidsmåte gjennom den måten undervisninga går for seg og dei arbeidsmåtane som blir brukte. Når ein skal velje lære- og arbeidsstoff og arbeidsmåtar, må ein ha for auge at elevane skal venje seg til å byggje på røynsler og pålitelege kunnskapar i tenkinga si og lære å respektere sanning og rett og saklegdom når ein tek standpunkt. 1.8. Likeverd og likestilling Likestilling mellom menneske og grupper er ein av føresetnadene for at demokratiet skal kunne fungere på alle dei ulike områda av samfunnslivet, i skole, familie, på arbeidsplassar, i organ med avgjerdsrett. Det er ikkje nok med lover og reglar som sikrar ei formell likestilling. Målet er reell likestilling på alle område: i forholdet mellom kvinner og menn, mellom ulike sosiale grupper, aldersgrupper, etniske grupper, geografiske område osv. Innanfor skolen må ein først og fremst arbeide mot å realisere likeverd og likestilling i skolen sitt eige samfunn. Det fører på den eine sida til at alle utan omsyn til bustad, sosial bakgrunn, kjønn, rase, evner og anlegg ikkje berre skal ha rett til utdanning, men skolen må i så stor grad som mogeleg også tilpasse undervisninga og forholda i skolen elles etter føresetnadene til elevane og etter det elevane kan makte. Skolesamfunnet må vidare vere merkt av likeverd og likestilling i den meining at ein unngår behandlingsmåtar og former for vurdering som verkar diskriminerande overfor grupper av elevar eller enkeltelevar. Gjennom den måten skolesamfunnet og forholdet mellom alle som arbeider i skolen er ordna på, og gjennom den måten skolen behandlar elevane, må skolen såleis vere med på å oppsede elevane til å respektere andre menneske og deira rettar og likeverd. Slik kan skolen fremje likerett og likestilling i samfunnet utanfor skolen. Likeverd og likestilling mellom dei ulike studieretningane kan elevane berre oppleve ved at dei utan omsyn til kva dei vel av studieretning, kan få minst ei 3-årig opplæring anten på skole eller i ein kombinasjon av skole og arbeidsliv. Gjennom si rådgjeving og gjennom lærestoff, læremiddel og arbeidsmåtar må skolen gjere sitt til å motverke holdningar og rollemønster som spring ut av fordommar om ulikskap mellom kjønn, samfunnsgrupper og folkegrupper.
Skann 14 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 12». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/14/