SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 11 skann 13

11 1.7. Utviding av kjennskapen til og forståinga for dei kristne grunnverdiane, vår nasjonale kulturarv, dei demokratiske ideane og vitskapleg tenkjemåte og arbeidsmåte Det andre leddet i formålsparagrafen nemner ein del emne som står sentralt i kulturarven vår, og som derfor også bør stå sentralt i den orienteringa skolen skal gje og elles i all verksemda til skolen. I dette leddet finn ein såleis ein vesentleg del av det felles kunnskapsstoffet i den vidaregåande skolen. Dei kristne grunnverdiane omfattar dels eit sett verdiar om mennesket og forholdet mellom menneske som i vår kulturkrins i særleg grad er knytt til den kristne tradisjonen. Det er ideen om den uendelege verdien til mennesket og dermed likeverdet til alle menneske, kravet om nestekjærleik eller tanken om solidaritet, og det moralske ansvaret til den enkelte, det vil seie plikter overfor sine tankar om rett og gale og godt og vondt. Det er ei oppgåve for religionsfaget å formidle dei kristne religiøse ideane og førestellingane. Med vår nasjonale kulturarv forstår vi ikkje berre vår nasjonale dikting, kunst og historie, men også dei folkelege tradisjonane som er knytte til lokalsamfunnet i bygd og by. Blant anna må den delen av kulturen som kjem til uttrykk i arbeidslivet, i organisasjonar og i levekåra til arbeidsfolk, vere ein sentral del av den røynsla skolen skal formidle. Å utvide kjennskapen til og forståinga for dei demokratiske ideane vil ikkje berre seie å gjere elevane kjende og fortrulege med desse og korleis dei kjem til uttrykk gjennom dei politiske organa våre. Det er like viktig å vise på kva for måte dei har med dagleglivet og arbeidslivet å gjere, og kva som ligg i dei demokratiske samarbeidsformene og livsformene på arbeidsplassen, i heimen, i organisasjonane og i det heile i forholdet til andre menneske. Når formålsparagrafen seier at den vidaregåande skolen også skal vere med på å utvide kjennskapen til og forståinga for vitskapleg tenkjemåte og arbeidsmåte, ligg det i dette at elevane må få noko kjennskap til vitskaplege metodar på dei forskjellige forskingsområda, og at dei sjølv lærer å tenkje klart og logisk og ven seg til å danne seg meiningar etter kritisk, sjølvstendig vurdering bygd på innsikt. Sjølv om ein må sjå på dei emna som er nemnde i det andre leddet i formålsparagrafen, som ei orientering om ein del av kunnskapsstoffet i den vidaregåande skolen, skal ein vere klar over at orientering og kunnskapsformidling på tradisjonell måte berre kan vere ei side av den oppgåva ein her står overfor. Kjennskap til og forståing for verdiar er også eit spørsmål om holdningar og røynsler, og dermed om den måten skolen er ordna på og arbeidsmåten i skolen. Omfanget av og dermed også innhaldet av den orienteringa skolen kan gje på desse områda, vil også elles måtte variere sterkt etter tilbod og andre rammevilkår. Når skolen viser respekt overfor alle elevar, og alle elevar kjenner at dei blir respekterte, når det ikkje er diskriminering på grunn av evner og anlegg og andre liknande kriterium, er skolen sjølv i praksis like mykje med på å gje elevane kjennskap til og forståing for kristne grunnverdiar.
Skann 13 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 11». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/13/