SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 10 skann 12

10 1.5. Grunnlag for vidare utdanning Den vidaregåande skolen skal gje ei fullstendig utdanning, blant anna ei fullstendig yrkesutdanning for den som ønskjer det. Men skolen skal også vere med å leggje eit grunnlag for vidare utdanning. Blant anna skal skolen leggje grunnlaget for vidareutdanning ved universitet og høgskolar. Alle studium skal kunne føre fram til høgre utdanning i den meining at ei 3-årig utdanning i den vidaregåande skolen på visse vilkår skal kunne gje høve til å kome inn på universitet og høgskolar. Ulike kombinasjonar av utdanning i arbeidslivet og i skolen vil også gjere det mogeleg å ta høgre utdanning. Studium ved universitet og høgskolar krev ei viss øving i teoretiske studium. Slik øving kan elevane få i den vidaregåande skolen gjennom dei meir tradisjonelle allmennfaga og/ eller gjennom meir yrkesretta fag. Med vidareutdanning forstår vi også den utdanning som går for seg i arbeidslivet og i anna opplæringsverksemd, blant anna i regien til dei frivillige opplysningsorganisasjonane. Ein må sjå på den vidaregåande skolen som ein del av ein læreprosess som varer heile livet. Oppgåva til den vidaregåande skolen er derfor ikkje berre å gje dei unge dei kunnskapar og dugleikar som dei har bruk for gjennom heile livet, men også å leggje eit grunnlag av kunnskapar og dugleikar for vidare læring. Skolen må også leggje vinn på å utvikle dei eigenskapane og dugleikane som er særleg nyttige når ein seinare vil skaffe seg orientering og øve opp nye dugleikar. Skolen må dessutan gjere det mogeleg å veksle mellom arbeidsliv og skole. Elevar med røynsle frå arbeid kan gjere miljøet på skolen rikare. 1.6. Hjelp til elevane i deira personlege utvikling Den vidaregåande skolen skal, på same måten som grunnskolen, vere med på å utvikle heile personlegdommen. Skolen skal ikkje berre gje kunnskapar og utvikle intellektuelle og andre nyttige dugleikar. Han skal også hjelpe elevane i deira emosjonelle, etiske, sosiale, estetiske og fysiske utvikling. Sjølv om skolen her som elles skal ta utgangspunkt i det verdigrunnlaget skolen byggjer på, må han i første rekkje sjå det som si oppgåve å hjelpe den enkelte til å vekse til ein sjølvstendig personlegdom som opplever og handlar ut frå eit personleg fond av kjensler, førestellingar, tankar og ideal. Det er ikkje oppgåva til skolen å påverke elevane til bestemte meiningar. Dersom skolen skal kunne fylle oppgåva si på dette området, må han leggje vekt på å hjelpe dei unge til å utvikle ein naturleg sjølvrespekt og sjølvtillit. Skolen må i alt han gjer ta utgangspunkt i at føresetnaden for å trivast på skolen, for å utvikle seg positivt personleg og for å få framgang i skolearbeidet, er at kvar elev får oppleve at han eller ho lykkast både sosialt og i forholdet til arbeidet på skolen. Derfor må alle elevane få arbeide med stoff som dei kan forstå og med oppgåver som dei kan greie
Skann 12 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 10». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/12/