SKARD English

R76 · Generell del · Nynorsk 1976 s. 9 skann 11

9 Men yrkesopplæringa i grunnkursa må også vere slik at ho blir eit godt grunnlag for vidare opplæring. Elevane vil seinare i livet, sjølv om dei blir ståande i same yrket, oppleve store endringar som vil krevje nye kunnskapar og nye dugleikar og evna til å omstille seg. Vidaregåande kurs skal gje ei vidare utdanning for yrket, og opplæringa vil her vere meir spesialisert enn i grunnkursa. Vidaregåande kurs kan også gje teoretisk vidareutdanning for søkjarar med praksis frå arbeidslivet og med sikte på ulike ansvarsnivå i yrket. Skolen aleine kan til vanleg ikkje gje ei fullstendig og samtidig realistisk førebuing for arbeidslivet. Det er derfor viktig at det er god kontakt mellom skolen og arbeidslivet. På dei fleste områda vil det vere formålstenleg at ein større eller mindre del av opplæringa kan gå for seg på arbeidsplassar utanfor skolen. Ei opplæring i arbeidslivet på denne måten må kunne gå inn som ein del av yrkesutdanninga. Det må også vere ei oppgåve for den enkelte skolen å gje yrkesutdanning og anna opplæring som kan hjelpe til med å styrkje arbeidslivet på staden. Men samtidig bør skolane så langt som mogeleg også ha tilbod med sikte på arbeidsplassar i ein større region eller på landsbasis. Skolen må ikkje avgrense utdanningstilbodet sitt slik at det er med på å leggje stavnsband på elevane. 1.4. Førebuing for samfunnslivet Skolen skal på den eine sida førebu elevane for dei oppgåvene dei har som veljarar og som tillitsmenn i statlege og kommunale politiske organ. På den andre sida skal skolen også leggje eit grunnlag for samliv og samarbeid med andre menneske i andre høve: i heimen, i organisasjonslivet og på arbeidsplassen. Dette kan skolen gjere ved å orientere om samfunnet og om samfunnsspørsmål. Men orientering og kunnskapar i tradisjonell meining kan berre bli ein del av førebuinga. Realistiske kunnskapar og forståing kan elevane på dette området som på andre også få ved eigne røynsler og observa- sjonar. Skolen må derfor vere open for samfunnet omkring han. Orienteringa om samfunnslivet og om samfunnsspørsmål må også i den vidaregåande skolen ta utgangspunkt i og vere nær knytt til det samfunnet som elevane kjenner og har omkring seg. Elevane må få kjennskap til bygda eller byen ved sjølvsyn og sjølvoppleving, like eins til styre og stell der. Å førebu for samfunnslivet vil, på same måten som å førebu for yrkeslivet, også seie å utvikle gode sosiale eigenskapar og evner: respekt for spelereglane i eit demokratisk samfunn, evne til samarbeid, toleranse osv. Også her er røynsle ein betre metode enn indirekte orientering. Skolen må derfor leggje vinn på å la elevane få vere med når noko blir bestemt ved skolen, og skolen må hjelpe elevane til å utvikle sosiale holdningar og ansvar ved å bruke mange former for samarbeid i opplæringa.
Skann 11 av R76 · Generell del · Nynorsk 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Generell del · Nynorsk 1976, s. 9». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-generell-del-nynorsk/s/11/