SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 7 skann 9

7 før fagbytinga og timetabellen vert endeleg fastsett, bør lærarane ha hatt høve til å koma med ynska og merknadene sine. Læraren må ikkje kjenna seg så bunden av tabellen at dette vert ei hindring i arbeidet etter denne planen. Av omsyn til arbeidsmåten og opplæringa i det heile må ein alltid kunna gjera visse avvik og tillempingar. Men læraren må i tilfelle jamnast rådleggja med styraren på førehand. Læraren må alltid passa på at det frametter året vert lagt så mykje arbeid på kvart fag at det svarar til timebyteplanen. Arbeidsplanen for året. Både av omsyn til dei elevar som flytter frå klasse til klasse og frå skule til skule, og av omsyn til skulen sitt arbeid elles, må ein — så langt råd er — bylgja arbeidsplanen for dei einskilde skuleåra, såleis at det som høyrer til arbeidsplanen for året, og verkeleg er gjennomgått når skuleåret sluttar. I dei udelte og fådelte skulane må ein — når det gjeld arbeidsplanane — skipa det såleis som ein meiner det best høver. Hovudvekta legg ein på minstekrava og det som står i nært samband med dei. Av anna stoff i planen tek ein med det som høver best, og som ein meiner har mest å seia, og dette stoffet går ein igjennom meir eller minder grundig alt etter som ein har tid til det: ved einskilde arbeidsoppgåver, lesing på skulen, ved at læraren munnleg går igjennom det, eller på annan måte. Ein må vara seg slik at ein ikkje tek med for mykje og for vanskeleg stoff, og ein må freista å setja krava etter det dei einskilde elevane kan greia. 111. Samla undervisning. Periodelesing. Samla undervisning. Endå om faga er førde opp kvart for seg i timebytetabellen og i arbeidsplanen, skal ein ikkje halda faga skarpt skilde frå kvarandre i opplæringa. Å samla lærestoff ikring visse emne fell ofte svært naturleg i skulen. Faga grip inn i kvarandre på mange stader. Stoff frå eitt fag kan høyra naturleg med i eit anna fag. I staden for å sjå lærestoffet delt opp og spreitt bør borna mest mogeleg sjå det som noko heilt. I småklassene er samla undervisning ofte det naturlegaste og beste. Heimstadlæra som det sentrale fag gjev stoff til
Skann 9 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 7». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/9/