SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 6 skann 8

6 dei klassene han best høver for. Ein må ta turvande omsyn til seropplæring, interesse for faga, og korleis læraren elles er skikka. Ein må og sjå etter at arbeidsmengda vert nokolunde rimeleg bytt mellom lærarane. Det har 6g mykje å seia at læraren — så langt det er formålstenleg — får fylgja klassa frå år til år, såleis at klassa slepp å byta lærar i eitt eller fleire fag når dei går over til nytt skuleår. Timetabellen. Når ein arbeider ut timetabellen, er det fleire omsyn å ta: 1) Timane må vera bytte mest mogeleg likt på skuledagane i veka, så det ikkje vert få timar på sume og mange timar på andre dagar. I småskulen må ingen skuledag ha meir enn 5 timar, i storskulen ingen meir enn 6 timar. 2) Arbeidet i klassa bør lengst råd er ta til på same klokkeslettet alle dagar og vera samanhangande utan mellomtimar. 3) Tabellen bør vera såleis at ein kan få ei nokolunde rimeleg byting på arbeidsmengda dei ymse dagane i veka. Ein bør og ta noko omsyn til at ikkje alle dagar i veka er like gode arbeidsdagar. 1 Frikortera bør på jamnen vera 10 min. med eit lengre opphald (20—30 min.) nokolunde midt i arbeidstida for dagen. Borna må ikkje arbeida i frikortera. Frikortera skal dei nytta til kvild og til fri leik ute når ikkje veret er til hinders. Berre unnataksvis, t. d. når det er prøver e. 1., tek ein ikkje frikorter. A laga timetabell er ein mykje viktig ting for di arbeidet heile året frametter heller mykje kan stå på korleis tabellen er. Det er dg eit vanskeleg arbeid å laga timetabell, 2 og det er sjølvsagt mange fleire omsyn å ta enn dei som er nemnde her. Arbeidet krev stor kjennskap og omhug om tabellen skal verta ein god arbeidsplan for elevar og lærarar. Fagbytinga og timetabellen bør så langt råd er verta til etter samarbeid mellom styraren og lærarane på skulen, og Det kan vera fleire ting som gjer at dei ymse dagane i veka ikkje er like gode arbeidsdagar for elevane, og årsakene kan vera ulike på dei ulike stadene. Ved ein stor byfolkeskule synte det seg at fråværet frå skulen var størst laurdagane og måndagane, og at lærarane 6g hadde gjort den røynsla at mån- dagen og laurdagen var dei klenaste arbeidsdagane. Heller ikkje alle arbeidstimar på dagen er jamgode. Klenast er gjerne dei siste timane. Så langt råd er, bør ein difor ta tungt og serleg viktig stoff på dei beste arbeidsdagane og i dei heste arbeidstimane på dagen. 2 Dette gjeld serleg dei større skulane.
Skann 8 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 6». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/8/