SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 8 skann 10

8 samtale og skriftlege arbeid. Teikning, klipping, forming o. m. gjev turvande manuell arbeidsøving. Lesinga fyller ut og djupar ut. På liknande måte vert det bruk for andre fag i samla undervisning. Men sume av faga krev 6g serskild Øving og trening og må difor ha plass og handsaming som serskilt fag alt frå det fyrste (t.d. norsk og rekning). I storskulen kan stoff samling frå fleire fag vera svært nyttig og naturleg. På denne måten kan arbeidet verta noko samla heilt — ein utskurd av livet. Av faggrupper som det kan høva godt i nokon mon å ta til samla undervisning, er: geografi — biologi — soge, fysikk — teikning sløyd, husstell — naturfag — rekning. Ei meir avgrensa samla undervisning får ein med å ta berre to fag saman, t. d. geografi — biologi, handarbeid — teikning osb. Utfyllande lesing, skriftleg norsk og teikning får ein bruk for i dei fleste arbeidsoppgåvene i samla undervisning. På dei høgare klassestega vert det til vanleg ikkje tale om ei så gjennomførd opplæring under eitt, som ein t. d. har ho i heimstadlære i dei fyrste skuleåra, men på desse klassestega og må faga gjensidig stø kvarandre, såleis som det t. d. er nemnt i dei ymse arbeidsplanane. For at det skal verta høve til å driva samla undervisning, må ein og same lærar ha to eller fleire fag som naturleg høver saman, t. d. norsk og eitt eller fleire av orienteringsfaga — geografi og naturfag, naturfag og husstell osb. Periodelesing. I staden for å ta kvart fag såleis som timebytetabellen syner — eit fastsett timetal for veka heile året — kan ein i ein stuttare eller lengre periode gjeva faget fleire timar med at ein tek timar frå andre fag — som då desse faga får att seinare. Dei lærarane som vil driva samla undervisning eller periodelesing, må på førehand arbeida ut ein plan for arbeidet. Brigdar ein timebytetabellen, så må ein jamt — så langt råd er — passa på at heile timetalet for året for kvart einskilt fag vert i samsvar med timebytetabellen. Ein må t. d. ikkje ta timar frå andre fag til norsk og rekning for di desse faga er dei einaste skriftlege eksamensfaga i skulen. Til kontroll bør ein då og då halda høvelege prøver i fag som det ikkje er skriftleg eksamen i 6g, men slike prøver må svara til krava i dei einskilde planane og ikkje fyrst og fremst vera kunnskapsprøver. Sjå elles bolken om års- og avgangsprøver.
Skann 10 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 8». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/10/