SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 86 skann 88

86 Det stoff som er ført opp for det einskilde skuleåret, kan ein ta i den orden ein meiner høver best (sjå dg merknaden etter p. 4, 4. skuleåret). Den historiske leseboka skal ein berrse bruka til stønad for arbeidet i skulen — som lesebok og som handbok. 14. skuleåret brukar elevane bok berre på skulen, i dei høgare klassene heime og. Føremålet med den fyrste opplæringa på dette alderssteget er mel. a. å førebu borna til den seinare (kronologiske) sogeopplæringa med å hjelpa dei til å skjøna dei omskifta som fråstand i tid fører med seg. Skal det lukkast, må dei få vita om brigde i tilhøve dei kjenner noko til, og brigde som har vorti innanfor eit tidsavstand dei har minst vanskeleg for å tenkja seg til. Med opptak i det kunnskapsstoffet borna har fått i heimstadlære skal opplæringa gjeva dei eit bilete av kvardagslivet i Noreg i «våre besteforeldre» si tid (1870 — 80 — 90-åra). Så langt råd er, må opplæringa byggja på konkret skodingstarvende: Bruksting som enno finst gøymde i heimane til borna og i museum, og bilete av ymse slag. Jamsides med dette må ein byggja på samtidsskildringar i litteraturen — avmåta for alderssteget. Læraren må stendig lata borna samanlikna med dei tilsvarande tilhøva i dag, og ein let borna teikna nokre av dei gamle tinga jamsides med dei vi brukar. Borna får ei historisk lesebok. Dei bør få nokre høvelege oppgåver til arbeid på skulen, men *in må ikkje gå for langt her, og arbeidsoppgåvene må aldri vera vanskelegare enn at borna lett og gjerne vil løysa dei på eiga hand eller saman med ei gruppe kameratar. 1. Våre besteforeldre si tid. a. Korleis folk gjekk kledde i den tida, og korleis dei går kledde no. Born og vaksne, menn og kvinner, til kvardags og til høgtid. b. Korleis dei fekk ljos i den tida, og korleis vi får det i dag: Parafinlamper, talg- og stearinljos — elektrisk ljos. c. Korleis dei koka i den tida: grue (peis), vedkomfyr — og vi no: elektrisk komfyr og kokeplate. 1 Heilt i strid med denne planen ville det vera å gjeva stykke i leseboka til heimelekser som borna skal læra, og norn ein B høyrer" på skulen med å lata fleire eller færre elevar, gjeva att den same leksa. 4. skuleåret.
Skann 88 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 86». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/88/