SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 87 skann 89

87 d. Kva dei åt, og kva dei ikkje hadde — eller hadde mykje mindre av enn vi har. e. Korleis dei budde før, og korleis vi bur no. f. Korleis dei arbeidde før, og korleis vi arbeider no: Reiskap i den tida og no — i handverk, industri og jordbruk. Drivkraft i den tida og no — i industrien. Ting som då vart laga mest handverkshøveleg, og no vert laga i fabrikkane. Handskomakaren og skofabrikken. Bakeri frå den tida — og nymotens brødf abrikk. Arbeids- tida i dei dagar og i dag. g. Korleis folk ferdast då og no: Jarnvegen i den tida — og i dag. Dampskip i den tida og no. Hesteskyss — buss og bil. Roskyss — motorbåt. Vegane i den tida og no. Reisetider mellom nokre av dei mest kjende byane i landet i den tida og no. Heilt nye ting som er komne sidan den tida. Telefon. Fly. h. Korleis byen såg ut i den tida og i dag: Gamle bybilete. i. Kva folk dreiv på med i fritida: Dei dreiv lita eller inga idrott, hadde ikkje kino, ikkje radio osb. 2 Det er ikkje alle menneske her i landet i dag som nyt godt av alt det moderne teknikk har å by på: a. Store luter av landet er utan jarnveg, utan bilvegar, utan elektrisk ljos, utan telefon. b. Mange menneske har enno ikkje råd til å skaffa seg mange ting jamvel der dei er å få: Gode husvære, mange slag mat, syklar, telefon osb. 3. Det leverfolkeslagmangestaderpåjorda i dag på heilt anna vis enn vi gjer her i Noreg: Eskimoliv. Livet hjå eit negerfolk osb. 4. Det har levt folk i Noreg lenge før bestefar og bestemor si tid. Lenge før dei hadde lamper eller stearin- eller talgljos. Folk som ikkje hadde tranlamper eingong — berre bål. Kor lenge det er sidan. Snitt av ein gamal trestomn — bestefar si tid langt utanfor mergen. Læraren lagar einfelt grafisk framsyning av stutte tidsavstand 1 . - . Av det stoff som her er nemnt i p. I—4, tek em med det ein rekk, og det som ein meiner høver best. ■ På dei høgare stega der borna har lettare for å gjera «eg rette meiningar om tidsavstand, let ein 6g elevane laga sume slike grafiske framsyningar.
Skann 89 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 87». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/89/