SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 85 skann 87

85 timane lærer elevane songar som høver til historiske emne, og som ein syng i sogetimane når det høver. Har ikkje same læraren jamsides med soge eitt eller fleire av dei faga som er nemnde her, så bør det i alle fall vera samarbeid mellom lærarane. 5. Læremiddel. Skulen bør vera godt budd med høvelege læremiddel, kart, bilete av ymse slag (historiske plansjar, bilete for balloptikon, og film om det er råd), ymse slag ting og modellar, litteratur til utfyllande lesing (klassesett), handbøker (einskilde eksemplar) o. a. Har ein høve til det, nyttar ein skulekringkastinga 6g. Hjelperådene må vera på fastsette stader og godt ordna, såleis at ein lett finn det ein treng. Har skulen lesestove, høver det godt å ha størsteparten av læremidla samla der, og i lesestova kan klassa og sitja og gjera arbeidsoppgåvene sine, så framt det er rom der. Elles hentar ein til klasseromet dei hjelperåder ein har bruk for til kvar time. Kvar elev må ha ei illustrert lesebok i soge og ei høveleg bok til å føra inn arbeidsoppgåvene i. Leseboka må ha ei innhaldsliste, så ho er lett å firma fram i, og nokre høvelege arbeidsoppgåver. IV. Arbeidsplan for skuleåra. Namnet på stoffbolkane (overskriftene) er sett på to måtar: 1) med kursiv og 2) med sperra skrift. 1 ) Det som er sett med kursiv, høyrer til minstekrava, og -det skal alle skular gå igjennom. Etter kvar overskrift er det jamnast (med vanleg prent) ei stutt rettleiing om arbeidsmåte og stoff (kor mykje ein skal ta med, kva ein skal leggja mest vekt på e. L). 2) Noko av det stoff som er ført opp etter dei sperra overskriftene, høyrer og med til minstekrava og er sett med kursiv. Anna stoff som er nemnt i planen, høyrer ikkje til minstekrava. Når det gjeld å velja dette eller utfyllande stoff som ikkje er nemnt i denne planen, står ein fritt. Ein kan såleis her t. d. velja høveleg stoff som klarar opp emne og tidbolkar som ikkje er tekne med i minstekrava, eller ein kan ta med lesestoff som hjelper til å djupa ut dei bolkar og emne som er førde opp til minstekrav. 1 1 Har ein lita tid, må ein akta seg for å ta for mykje stoff utanfor minstekrava.
Skann 87 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 85». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/87/