SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 84 skann 86

84 4 3) A teikna reiskap og andre ting, litt grafisk framsyning 4) A fortelja om historiske stader og minnesmerke som ein har sett, lesi eller høyrt om. 5) A fortelja om det ein har sett og lært av ei museumsvitjing eller av ein historisk film e. 1. Alle elevar i klassa eller alle elevar i ei gruppe kan ha ei og same arbeidsoppgåve (t. d. å f inna svar på spørsmål med leseboka eller annan litteratur til hjelp). Gruppene eller kvar einskild elev i gruppa kan laga kvar sin del av ei sams oppgåve (klasseoppgåve eller gruppeoppgave). Ein kan 6g gjeva einskilde elevar sjølvstendige oppgåver å arbeida med. Oppgåvene vert til medan klassa arbeider med emnet. Elevane kan sjølve velja oppgåvene, eller læraren kan gjeva dei. Kvar elev har ei bok som han fører inn dei skriftlege arbeidsoppgåvene sine i. Oppgåver som alle elevane i ei klasse eller ei gruppe har gjort i lag, samlar ein i serskilde hefte som høyrer klassa eller gruppa til. Ein må ikkje leggja på elevane for mykje av slikt arbeid. Det kan lett føra til at borna misser modet og interessa. Minstekrava. Når ein er ferdig med eit emne eller ein bolk som høyrer til minstekrava, så høver det jamnast godt at ein heilt stutt samlar og understrekar hovudinnhaldet av det som er gjennomgått. Men heilt i strid med denne planen ville det vera å lata borna pugga eit slikt samandrag — og det til-med utan at ein har gjennomgått alt det stoffet som ein skal ta med om emnet eller bolken. Soga og andre fag. Der det tener til å klara opp det emnet ein arbeider med i soge, tek ein med stoff frå andre fag 6g. Dette gjeld serleg geografien. Sameleis høver det ofte godt i geografiopplæringa å ta med sumt frå soga til dei ymse landa og stadene for å syna samanhengen mellom dei geografiske tilhøva og soga om folket o. m. Difor bør så langt råd er, same lærar ha båe desse faga i ei og same klassa. I norsk kan elevane skriva stilar og andre arbeid med emne frå soga, og i teiknetimane kan borna teikna ting som har interesse for sogeopplæringa. På same måten vil elevane når dei har sogeopplæring, kunna få øving både i norsk og i teikning osb. Det bør og vera samband mellom soge og song: I song-
Skann 86 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 84». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/86/