SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 83 skann 85

83 greie på tidsavstand og dei brigda som tida fører med seg. Dette skai tena til overgang til den kronologiske sogeopplænnga. Ein tek difor til med den nære fortida («våre besteforeldre si tid»). I 5. skuleåret fyrst tek sogeopplæringa i vanleg meining til. Den munnlege forteljinga og skildringa til læraren har mykje å seia på alle klassesteg. Læraren må difor alltid førebu seg godt så han kan fortel ja og skildra klårt, livfullt og hugtakande, og såleis at det høver best mogeleg for dei ymse klassestega. Sumt av stoffet ei såleis at endå om skildringa er minder god, vil borna likevel interessera seg for det og lika det. Men det er og stoff som borna i det heile korkje har evne eller føresetnader for å læra utan at forma og forteljinga er såleis at ho fyller stoffet med liv og skaper interesse og arbeidsglede hjå borna. Difor vil forma og framstellinga i stor mon vera det som kjem til å avgjera kor stor glede og nytte borna får av sogeopplæringa. Ei tørr opprekning av kva t. d. Stortinget eller domstolane har å gjera, er ikkje noko for elevar på dette alderssteget. Ei god og levande skildring av eit stortingsmøte eller eit møte i rettssalen kan derimot vekkja interesse og hjelpa dei til å skjøna den saka det gjeld. Det meste av tida bør ein nytta til forteljing og skildring, til å lesa historisk stoff i leseboka eller til å lesa annan høveleg historisk litteratur. Og så brukar ein bilete og ting av ymse slag som hjelper til å gjera emnet klårt og skjøneleg. Elevane må få øving i å firma fram i handbøker og annan litteratur. Ein brukar og noko tid til andre arbeidsoppgåver som set større eller mindre krav til evna elevane har til sjølvstendig arbeid. Elevane må få øving i å greia ut munnleg om noko dei har sett eller lesi, fyrst og fremst om emne som serleg har interessert dei, og så om emne som alle eller sume av elevane har fått til oppgåve å greia ut. Elevane må mest råd er, venja seg til fri attgjeving. Arbeidsoppgåvene kan vera av fleire slag. 1 ) Med leseboka eller annan literatur 1 til hjelp å firma svar på ymse spørsmål — munnleg eller skriftleg. 2) Å gjeva ei stutt munnleg utgreiing (samandrag) om ein lengre bolk i leseboka eller i annan litteratur (6. og 7. skuleåret). 1 I den munnlege utgreiinga må borna, om dei ynskjer det, få st«t seg til stutte notat dei har gjort på skulen eller heime, og dei må dg få lov til å velja emne sjølve som dei vil fortelja om.
Skann 85 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 83». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/85/