SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 82 skann 84

82 111. Rettleiing. 1. Hovudvekta skal ein leggja på det kulturhistoriske stoffet — livet og levevilkåra til folket og samfunnstilhøva i dei ymse tidbolkane i gode og tunge tider. Ein må gjera utgreiinga så konkret som råd er og festa ho til forteljing om personar og hendingar. Det gjeld å firma fram til «hel* tane» frå fredeleg arbeids* og kulturliv. Der ein meiner det turvande å ta med forteljingar eller skildringar frå krigssoga, bør ein halda fram at ufreden etter kvart har vorti ei stendig større folkeulukke og hindring for kulturen (endå om ufreden no ikkje kjem så ofte som før), og at det er arbeid og samarbeid i fredstida som gjev varande framgang i åndeleg og materiell kultur. 2. Avgrensing av lærestoffet — serleg av namnogtal. Det er mykje om å gjera i sogeopplæringa å setja elevane i stand til å skaffa seg historiske opplysningar og kunnskapar som interesserer dei, eller som dei har bruk for. Dette kan ein få gjort med handbøker og andre hjelperåder. Derimot har det minder å seia at elevane får innprenta ei større mengd med einskildting (namn, årstal osb.) 1 som dei aller fleste elevane mødest med å læra og lett gløymer, og som dei lite eller ikkje får bruk for seinare. Slikt lærestoff skaffar borna altfor mykje arbeid og vil lett gjera faget keisamt og skapa uhug og motvilje hjå elevane, i staden for at opplæringa skulle fremja hugen til historisk lesing og arbeid med faget i det heile. Historiske detaljar som lærestoff må ein difor avgrensa til det aller naudsynlegaste. Ved å lesa historisk stoff og ved arbeid med faget elles vil det sjølvsagt verta teki med mange sermerkte einskildting — namn og årstal 6g — som elevane ikkje skal læra. Ein kan nytta dei heilt rette tala eller avrunda dei som det best høver. 3. Arbeidsmåten. Ein går ut ifrå det elevane har hatt av historisk stoff i heimbygdkunnskap i dei tre fyrste skuleåra. I desse åra skal borna mel. a. — helst og med sjølvsyn — ha lært litt om historiske stader og minnesmerke o. m., om slike finst i næraste omlandet. I 4. skuleåret skal ein ta til med å hjelpa borna til å få 1 Dei etterrøknader som det er gjort greie for i U. P., syner at elevane hugsar om lag 24 pst. av dei historiske namna og om lag 20 pst. av dei års- tala dei vart spurde om.
Skann 84 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 82». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/84/