SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 81 skann 83

81 4 5 førande handels- og sjøfartsfolk i nær på 100 år. Lissabon viktigaste hamneby i Europa. Seinare tok nederlendingane og engelskmennene over handelen på India. Magellans jordomsigling. Årsakene til at europearane kunne våga seg ut på heimshava: betre seglskuter og sjømannsskap, kompas (oppfunni av kinesarane). Det som dreiv europearane ut på oppdagingsferder: Dei gamle handelsvegane austetter vart stengde av eit nytt hermannsfolk: tyrkane. Noreg frå ikring 1500 — 1660. Nye næringsvegar (6. skuleåret). Dei store oppdagingane, aukinga i folketal og i varebytet i Vest- Europa og den veksande skipsfarten skapte større etterspurnad enn før både etter matvarer, byggjevyrke til hus og skip, og metall av ymse slag. Noreg kunne skaffa fisk, tømmer, jarn. Ny reiskap kom i bruk: torskeliner til fisket, vass-saga til skogsdrifta. I Vika og på veststranda vart det stort innsig av sild i denne tida. På Austlandet fann dei jarn, kopar og sylv, og jarnverk, koparverk og sylvverk vart grunnlagde. I den fyrste luten av denne tidbolken kom utlendingane med sine eigne skip og henta varene dei kjøpte. Dei som mest trong norske varer, og difor kom etter dei, var nederlendingane og så etter kvart engelskmenn. Men når det var ufred mellom nederlendingane og engelskmennene, kjøpte eller bygde nordmennene seg skip sjølve og førde ut varene sine. På den måten vert ein norsk handelsflote bygd opp. Maskinar og fabrikkar (7. skuleåret)'. Det fulle omskiftet i industrien — ei omkalfatring av produksjonsteknikk og handelsliv, frå handverkshøveleg smådrift til fabrikkhøveleg stordrift, frå menneske- og dyrekraft til mekanisk drivkraft. Aukande etterspurnad frå midten av det 18. hundreåret krev auka produksjon. Handelen på koloniane har skapt rikdom på midel i England. James Watt gjorde dampmaskinen betre, og då den kom i bruk, vart heile industrien omskapt. Dei fekk bruk for mykje kol. Jarn til å byggja maskinar av viktigare enn før. Robert Fulton bygde det fyrste dampskipet, Georg Stephenson det fyrste brukande lokomotivet (1829). Heile samferdsla vart omskapt. Det nye på alle desse områda kom ikkje av seg sjølv. Det kom for di menneska hadde bruk for det, og bygde på freistnader og teoretisk studium gjennom lange tider — naturvitskap. Folketalet aukar veldig, tilgangen på arbeidskraft dg, mel. a. av di jordbruket vert lagt om — småbøndene drivne frå jorda. Dette gjeld fyrst og fremst dei sermerkte industrilanda, t. d. England og Tyskland. Kåra til arbeidarane var utrygge. Fabrikkane stengde ofte for di det var klene tider (kriser), vass-skort o. 1. Då kom arbeidarane på berr bakke og leid naud. Arbeidstida var lang (12 — 15 timar), løna lita, kvinner og born laut arbeida i fabrikkane av di mennene oftast ikkje tente nok til at huslyden kunne leva av det. Mot desse uhaldande tilstanda reiste arbeidarane samskipnadene sine. Utviklinga av maskinane og industrien har og ført med seg mange føremoner: Arbeid som før hadde vori eit mest umenneskjeleg slit, vart lettare. Samspelet mellom dei ymse levevegane vart naudsynlege og førde til gjensidig stønad og samarbeid o. m. 6 — Normalplan for landsfolkeskulen.
Skann 83 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 81». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/83/