SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 80 skann 82

80 oppgåver som best høver for ei slik prdve, og som er i samsvar med det planen legg mest vekt på, t. d. : 1) Ved hjelp av leseboka eller ei høveleg handbok å firma svar på spørsmål som læraren gjev. 2) Å greia ut om eit emne som elevane har hatt til arbeidsoppgåve på skulen, når dei får stø seg til arbeidsboka, og dei sjølve får velja emne. 3) Å fortelja om eit emne dei har fått oppgjevi dagen i førevegen, når dei — medan dei fortel — kan stø seg til nokre stutte notat som dei har gjort. 4) Å fortelja det dei minnest om eit emne dei sjølve vel, utan å stø seg til arbeidsbok eller notat. Nokre døme på stoff som ein skal ta med i opplæringa og i leseboka (minstekrav) — skjema» tisk oversyn. 1. Livshøve i Noreg i steinalderen (4. skuleåret). Forfedrane våre høyrde til den germanske folkeætta. Landet var skogvaksi. Mykje villdyr — det var eit veidefolk (jakt og fiske). Folka slo seg ned på havstranda. Der var det lett å få mat til rettes (egg, skjel, sniglar, fisk, sjøfugl, sel). Seinare slo dei seg ned langsmed elvar og sjøar. Dei budde i holer eller i steingammar. Jordfunn (t. d. Viste-f unnet). Dei hadde reiskap (øks, kniv osb.) av stein (flint), horn, bein eller tre. Den tida kallar ein steinalderen. Han er fleire tusen år lang. Dei levde av jakt og fiske (hjort, elg osb.). Hunden var lenge einaste husdyret. Klede av dyreskinn. Fleire huslydar slo lag. Lærde å dyrka bygg. Mol kornet mellom to steinar. Husdyr fekk dei seinare: ku og geit. Etter kvart meir jorddyrking. Dei handla med reiskap av stein. Steinaldersgravfunn. 2. Gard og bygd i sogetida (5. skuleåret). Reiskap dei bruka i jordbruk, til fiske og veiding. Jaktmåten. Husa dei budde i, klede — kleda til bonden og kleda til stormannen — , våpen dei bruka, maten dei åt — til kvardags og til fest. Det sterkaste sambandet finn vi i huslyden og i ætta. Det var ætta som skaffa medlemene sine rett, verna dei mot urett. På tinget møtte alle frie menn og jamna ut strid og samrådde seg om sams måte å gå fram på. Det var ting for kvar bygd og ting for større landsluter. Dei som var førarar på tinget, var sume stormenn, hovdingar som åtte mykje gods, rådde over mange tenarar som dei kunne væpna og møta fram med i ufred. Stundom kalla dei slike hovdingar for småkongar. 3. Dei store oppdagingar, ikring 1500 (6. skuleåret). Kolumbus finn att Amerika. Leiv Eiriksson hadde vori der i år 1000. Kolumbus drog vestetter og ville firma vegen til India, og han trudde han kom dit (Vest-India — indianar). Vasco da Gama oppdaga vegen til India rundt Afrika. Portugisane var eit
Skann 82 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 80». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/82/