SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 79 skann 81

79 Med det målet for auga må sogeopplæringa ta sikte på å gjeva borna kjennskap til livs- og samfunnstilhøve og til dei fremste personane og store hendingane i dei bolkar av Noregs soge som har hatt mest å seia for folket vårt. Like eins bør borna få kjennskap til dei viktigaste hendingane og fremste personane i nokre av dei bolkane av heimssoga som har sett dei største merke etter seg i samfunnsvoksteren i landet vårt. I siste skuleåret må elevane få kjennskap til grunndraga i samfunnsskipnaden vår. 11. Minstekrav. 1. Øving i å bruka handbøker og annan litteratur, så elevane sjølve kan skaffa seg historiske opplysningar og kunnskapar etter at dei har gått ut or skulen og. 2. Noko kjennskap til dei viktigaste bolkane av Noregssoga og dei bolkane av heimssoga som har hatt mest å seia for folket vårt. Det stoff som høyrer til minstekrava (d. e. det stoff ein skal gå igjennom ved alle skular) 1 , er sett med kursiv i arbeidsplanen. I denne planen er det gjerne og — etter namnet (overskrifta) på emnet eller bolken — mel. a. nemnt kva ein skal leggja serleg vekt på i arbeidet med det stoffet som høyrer til minstekrava. Minstekrava må ein forma nøgnare ut i dei bøker i soge som vert godkjende til bruk i skulen — og etter dei stemneleier som denne planen syner. 2 I desse bøkene må ein så tydeleg som råd er skilja mellom det stoff som høyrer til minstekrava, og anna stoff. Når det gjeld å ta med anna stoff i opplæringa, er ein ikkje bunden til normalplanen. Her prøver ein å ta med lesestoff som best høver for dei ymse skuleåra og klassene. Det kan vera stoff som klarar opp andre emne og bolkar enn dei som høyrer til minstekrava — eller anna stoff. 3. Ved års- og avgangsprøver (klasseprøver) 3 skal ein prøva elevane i det dei har arbeidt med i siste året. Ein gjev 1 1 bolk 111 og IV er det gjevi noko rettleiing 1 om korleis ein skal gå igjennom stoffet. 2 Dei fleste namn. og årstal som høyrer til minstekrava for kvart klassesteg, og som finst i arbeidsplanen for skuleåra, bør elevane kunna når skuleåret sluttar, såleis at dei t. d. veit at Harald Hårfagre prøvde å samla Noreg ikring år 900, at Olav Haraldsson (d. 1030) prøvde å kristna landet og samla det på nytt. Meir bør ein ikkje krevja at dei skal læra av namn og årstal — etter utfallet av dei etterrøknader som er gjorde hjå oss (U P.). 3 Skulestyret vedtek om ein skal ba slike prøver eller ikkje. Sjå bolken om års- og avgangsprøver.
Skann 81 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 79». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/81/