SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 78 skann 80

V. Soge. I. Mål. 1. Opplæringa skal gjera elevane føre til å nytta vanlege handbøker og annan litteratur, så dei sjølve kan skaffa seg opplysningar og kunnskapar i soge etter dei har gått ut or skulen og. 2. Elevane skal få noko kjennskap til dei viktigaste bolkane av Noregs soge og til nokre av dei bolkar av heimssoga som har hatt mest å seia for folket vårt. 3. Opplæringa skal hjelpa elevane til — så langt råd er i denne alderen — å forstå det samfunnet dei lever i — at samfunnet stendig brigdast, og at det er visse årsaker til omskiftet. 4. Ein skal hjelpa elevane til å skjøna kva samarbeid og fred mellom folka har å seia. Sogeopplæringa skal mel. a. visa elevane at dei tilhøva vi kjenner i dag på dei ymse omkverve i samfunnet, i arbeidsliv, i politikk og i allslags åndsliv, ikkje til alle tider har vori dei same, men at samfunnslivet har skift gjennom tidene. Opplæringa i soge skal hjelpa elevane til kunnskapar som kan få dei til å skjøna at omskifta ikkje har komi på slump, men at dei er verknaden av visse årsaker som vi med større eller mindre visse kan linna fram til og skjøna. Opplæringa skal og gjeva elevane noko kjennskap til dei sosiale tilhøva og den strid desse tilhøva har ført til gjennom tidene. Opplæringa i soge skal og syna borna dei viktigaste draga av livet til folket vårt ned gjennom tidene og det tilskot norske menn og kvinner har gjevi til kulturlivet. Så langt ein kan, skal ein og hjelpa elevane til å kjenna og forstå andre folks kultur og tenkjemåte og gjeva dei syn for kor naudsynleg samarbeid og tred mellom folka er.
Skann 80 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 78». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/80/