SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 5 skann 7

A. Innleiing. I. Timebytetabellen. Korleis skulen skal greia det arbeidet som er sett opp i planane for dei einskilde faga og klassene, står sjølvsagt i stor mon på kor mykje tid kvart fag får. Føresetnaden for at ein skal greia minstekrava, er at ikkje timetalet for noko fag vert sett nemnande lågare enn i timetabellen. Vil ein styrk ja eit fag, bør ein difor gjera det på den måten at ein aukar heile skuletida tilsvarande. Når ein skulle fastset ja timetalet, laut ein sjå heile timebytetabellen i samanheng, frå den synsstad at ein byter heile opplæringstida såleis at det mest råd er svarar til føresetnadene som lova byggjer på, og når fram til dei mål ho fastset. I denne samanheng er det nok å peika på den føresetnaden at lova skulle styrkja den fysiske oppsedinga og dei praktiske faga. På tabellen må då dette syna seg i auka timetal for fag som kroppsøving og handarbeid. Men så skulle lova 6g skapa ein skule som skulle gjeva eit støare grunnlag for vidaregåande opplæring i høgare skular. 11. Fogbyting og timetabell. Arbeidsplanen for året. Fagbytinga. Før ein tek til med å arbeida ut timetabellen, bør ein ved dei større skulane ha ferdig fagbytinga (d. e. fagbytinga mellom lærarane). Serleg på dei lågare klassestega er det mykje om å gjera at ein og same lærar får så mange timar som råd er i klassa, og i småskulen bør ein helst berre ha ein lærar. Ein bør jamt, så langt råd er, syta for at «rette læraren kjem på rette staden», d. v. s. at kvar lærar får dei faga og
Skann 7 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 5». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/7/