SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 71 skann 73

71 fuglar, årsaka til fugleferda, korleis sume tre og vokstrar er avmåta etter veksestaden o. 1. Han må greia ut om dette så einfelt og lett skjøneleg som råd er. Forteljingar og songar høyrer raed i opplæringa. 8. Sogeminna frå heimstaden (bygda eller byen) og næraste grannebygder må borna få høyra om. Ikkje alle bygder og byar er like rike på slike minne, men eit og anna vil det alltid vera å fortel ja frå byen, bygda eller frå landsluten, som kan vekkja interessa hjå borna. Den gamle kyrkja i bygda bar si soge, ho minner om farne ætter som har hatt heimen sin i bygda, og på sin måte bind ho notid og fortid i hop osb. 9. Til stønad for opplæringa brukar ein i den fyrste skuletida å leggja pinnar, ymse småarbeid i klipping, og forming i sand eller leire (eller plastilina). Teikning og skriftleg utgreiing, stuttare eller lengre, er gjennom alle skuleåra ein viktig del av opplæringa. I norsktimane kan ein lata borna skriva små stilar om det ein har arbeidt med i heimstadopplæringa. I den førebuande geografiopplæringa teiknar borna grunnriss og einfelte kartskisser. Ein let borna samla alle slike arbeid i ei arbeidsbok. 10. Til opplæringa i heimstadlære må skulen ha det naudsynlege utstyret, men det er ikkje dyre ting som trengst: Ei sandkasse, papir for teikning og klipping, litt gummiert papir med ymse leter, litt kartong, sakser og litt leire til modellering. Plastilina er bra, men dyr. Og så må ein nytta ut skulen si samling av plansjar, og ein må og ha nokre høvelege bilete for heimstadlæra. Landsskulen har den føremonen at ein der har den levande naturen nett attmed. Ein stad er det skogen med dyre- og voksterlivet sitt som er nærast for hand, ein annan stad er det sjø og eng. Ved kvar skule — der det er høve til det — bør det vera ein hage. Der har ein både haust og vår ein rikdom på åskodingsmateriell. I klasseromet bør det vera blomar som borna bytest cm å stella. Kvar lærar kan elles med litt omtanke og utan utlegg samla mange brukande ting for denne opplæringa. 1 11. I skular med ufullstendig klassedeling der 1. årskull vert opplært i lag med 2. og 3. årskull, kan ein skipa det så 1 Der ein har ei bygdebok, kan ho vera til mykje gagn for læraren.
Skann 73 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 71». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/73/