SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 72 skann 74

72 at ein det eine året går igjennom pensumet for 2. klassa og neste året. pensumet for 3. klassa. Båe åra tek ein med av det som er ført opp for 1. klassa. Om ikkje fyrste rskullet maktar heilt opp å fylgja med på alt fyrste gongen, så vil det koma attende til stoffet i 3. skuleåret. IV. Arbeidsplan for skuleåra. Stoffet i kvar klasse tek ein i den rekkjefylgja det best høver. Skulen, heimen og vegen til skulen Skulen. Klassa, kameratane, namna deira. Døme på arbeidsøving : Pinnelegging og teikning : Born på veg til skulen. Småting laga av kartong til bruk ved borna sitt arbeid i skulen, t. d. øskje til bokstavar og ord, reknebrikker o. m. Lita bok til dei fyrste orda, kulørt omlag. Klasseromet og dei ymse ting der. Pult, bord, stol, kateter, skåp, veggtavle, dør, vindaugo, blomane i vindaugo. Skulehuset. Ordningsøvingar, framferd. Døme på arbeidsøving: Måling med steg og med metermål bretta og klippa firkantar og trekantar i papir og kartong Fargelegg ja. Pinnelegging eller teikning av ymse ting i klasseromet. Hagen: Litt om blomar og tre i nærleiken av skulen, hageblomar eller viltveksande blomar, fargar. Døme på arbeidsøving: Klippa blad og blomar i farga, helst gummiert papir (så ein lett kan lima det inn i arbeidsbøkene) Leikarplassen: Ute tek ein ymse ordningsøvingar. Ball-leikar. Himmelretningar, vinstre, høgre Leik og leikesaker. Døme på arbeidsøving: Å teikna og klippa ball, dokke, barn i leik, gjerde, flaggstong o. m. 1. skuleåret.
Skann 74 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 72». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/74/