SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 69 skann 71

69 2 3 Born likar å samla. Dei samlar på bilete, steinar, skjel, sniglehus, knappar, perler, neter, kongler, kastanjar o. m. Difor får dei lov til å samla åt skulen og, og det bør finnast eit rom i skåp eller på hylle til kvart barn. Ein nyttar samlingane i rekning, teikning osb. Skulen skal vera som ein heim for barnet. Tillit og trunad er naudsynleg føresetnad for at barnet skal kjenna skulen som ein stad der det er godt å vera, og ein likså turvande føresetnad for at læraren får verkeleg kjennskap til den einskilde og til klassa. Born er tillitsame. Blidskap og gladlynde er likså naudsynlege vilkår for frisk sjeleleg vokster som solskin for den gode kroppsvoksteren. Barnet er sjølv midpunktet i si verd. Difor må det «leva med» dersom det skal lika emnet som vert handsama, og koma i samkjenning med det. Med si eiga skildregåve har læraren når han fortel og teiknar, ei verdfull hjelperåd til å gjera situasjonen levande for barnet. Det «levande ordet» har gjevi næring til mangt eit hungrande barnesinn. Ein viktig faktor i alt arbeid som skulen har — i heimstadlære som i andre fag — er samarbeidet mellom heimane og skulen. Foreldra bør kjenna læraren, arbeidet i skulen og føremålet med det. Læraren bør kjenna foreldra til barnet og tilhøvet og miljøet i heimen. Fyrst når lærarar og foreldre samarbeider i tillit og med vilje til å forstå kvarandre, kan ein ha største gagnet av opplæringa. Det er stor skilnad på arbeids- og naturtilhøve i dei ymse bygder og byar i landet. For opplæringa i heimstadlære er det difor uråd å setja opp ein plan som i einskildtinga høver for alle. Kvar bygd og kvar by — i sume høve jamvel kvar skule -- må ha sin eigen plan der det sermerkte for heimstaden kjem med. Sjølvsagt vert hovuddraga i planane eins. Det vanlege er at emnet vert ordna etter rstidene, at stoff og arbeidsmåte rettar seg etter alderssteget og det som vekkjer interesse hjå borna, og at ein går frå skulen og heimen utetter til grannelaget, bygda og fylket. Borna si interesse og dei høva som byd seg, kan og føra med seg at ein tek det som ligg lenger borte, før enn det næraste. I heimstadlære må ein ansa på at borna får interesse for arbeidet, og at ein ikkje tek med meir enn borna maktar. Mykje av det stoffet ein har for seg i heimstadopplæringa, kjem att seinare i skulen og då ofte som lekk i ein større samanheng. Difor tek ein berre med det som på kvart alderssteg har størst interesse for borna utan å
Skann 71 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 69». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/71/