SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 68 skann 70

68 er. Barnet får sjølv få fram, laga, syna fram, dramatisera, alt så einfelt og naturleg som barnet sjølv ser og skjønar det. Opplæringa i heimstadlære går ut ifrå aktivitet hjå barnet. Gjerandslause hender, høyring og å sitja uverksam må det i det heile vera lite av i opplæringa for næmingar. Framvoksteren til borna er ofte svært ulik. Den pedagogiske stoda i klassa er og ulik. Evner, vokster, innstilling — samfunn og miljø fastset den pedagogiske stoda. Det som fell lett eller er god mon i i ei klasse, går tungt og seigt i ei anna, og etter dette må ein avmåta stoffutvalet. Både emne og arbeidsmåte må vera såleis at arbeidet vert både til glede og gagn for borna. Barnegranskinga syner at det finst emne, arbeidsmateriale og arbeid som interesserer alle born. Born likar å leika, å laga noko, å samla, å røra på seg og stella med eitkvart. All opplæring, alt arbeid med born må ta omsyn til dette, heimstadlære meir enn noko anna fag. Oppgåva er ikkje fyrst og fremst den faglege opplæringa, men å skapa eit slikt miljø i skulen at barnet på naturleg måte veks og fremdast. Barnet syner førestellingane sine med å, laga ymse ting av ulikt vyrke, t. d. leire, sand, papir, kartong, bast, ty o. m. Det fortel og om seg sjølv i teikning, i rytmiske rørsler i musikk, i dramatisering, i forteljing. Morsmålet er det faget som haustar rikaste gagnet av heimstadlæra. Saman med teikninga høyrer det som barnet fortel, til dei naturlege meldingsmiddel dei fyrste skuledagane og skulevekene. Heimstadlæra har emne som vekkjer interesse og får borna til å bera fram tankane sine levande og hugheilt* Det varer ikkje lenge før dei kan teikna sume små ord og festa dei til teikningane. Einfelte sambindingar av ord, stutte setningar, vert snart til «stilar» som vert det skriftlege uttrykk for noko av det barnet munnleg har fortalt. Etter kvart «veks» barnet på denne måten og. Voksteren i å ordleggja seg fylgjer den åndelege voksteren. Heimstadlæra med dei emna og det vyrket til arbeid ho har, gjev målet næring. Forteljing og skriftleg ordleiing heng på naturlig måte i hop med heimstadlæra. Til heimstadlæra høyrer teikning. Det fyrste emnet skulen byd barnet, skal gjeva høve til teikning. Ikkje teikning etter føreteikning som læraren eller heimen har gjort, men barnet si endeframme og sjølvstendige teikning. Den teikninga skal ein ikkje retta — ho er naturleg hjelperåd for barnet til å få noko fram, og ein må godta henne såleis som ho er.
Skann 70 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 68». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/70/