SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 67 skann 69

67 111 1 / Rettleiing. Ålmenne merknader. Målet for opplæringa i heimstadlære er at barnet skal veksa og fremdast harmonisk både kroppsleg og sjeleleg. Ein skal skjerpa evna til sansing, førestellingane skal verta klårare, og ein skal byggja opp nye førestellingar og omgrep. Barnet er bundi til heimstaden med alle sine interesser. Førestellingslivet og viljelivet hjå barnet er bygt opp i miljøet i heimen. Fantasilivet og kjenslelivet har henta næring der. Leik inne og ute, litegrann arbeid med «å hjelpa til» kan henda, det er det barnet har drivi med. Dyra og vokstrane, arbeidslivet på heimstaden, forteljingar frå det røynlege livet og frå eventyrverda er den grorbotn som barnet har sogi næring til å veksa av. Di meir liv det er i heimen, og di rikare natur- og kulturlivet er der, di frodigare vokster og rikare framgang har barnet hatt, — så framt det har fått veksa fritt. Heimstadlæra er på det nøgnaste bunden til barnet og må fylgja dei vegane til vokster som naturen syner. Det er det aktive barnet skulen tek imot. Det skal veksa og læra med sjølvsyn og sjølvarbeid. Korkje geografi, soge, naturkunnskap, morsmål eller noko anna «fag» skal fastset ja stoff utvalet for heimstadlæra. Det er stoffet åt heimstadlæra og arbeidet med det som er grunnlaget for all annan kunnskap, sem skulen seinare gjev barnet. Når heimstadlæra skal føra voksteren til barnet lenger fram på naturlege vegar, er det naudsynt at læraren lærer å kjenna barnet. I dei fyrste vekene og månadene barnet er i skulen, må difor. læraren jamsides med arbeidet kvar dag studera barnet, kva evner og hugmål det har, og førestellingar og språk, praktiske givnader, sosial innstilling o. m. Etter den kjennskapen til barnet læraren får etter kvart, skipar han arbeidet og vel emne. Rett skjøna og rett medfaren høyrer heimstadlæra til barnet sitt eige arbeids- og livsområde. Ein tek arbeid semnet frå heimbygda og frå verda utanom. Heimstadlæra fører barnet ut i den verda som det vonleg kan nå å læra å kjenna, ho fører arbeidsstoff frå denne verda — og frå fantasiverda — inn i skulen. Arbeidet byggjer opp førestellingane, men skal og næra fantasien. Det som gjev arbeidet til barnet fullt verde, er interessa. Dei «skapande kreftene» må ein løysa ut. Gjennom alle sansar gjer barnet seg kjent med verda, og det må få rikeleg høve til å bruka hendene sine. Barnet finn fram, steller med, byggjer opp ting som er takande på, så langt råd
Skann 69 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 67». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/69/