SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 64 skann 66

64 4. Stilskriving: Fri stil. Stilskriving om emne som interesserer det einskilde barnet. Gruppestil. Klassa eller grupper av klassa lagar samlehefte om emne som interesserer. Ein kan illustrera stilane. 5. Grammatikk: Ordklasser: Pronomen ein vanleg råkar på: personlege pronomen, refleksivt pronomen seg, dei ymse eigedomspronomen, relativt pronomen som, übundne pronomen (N: all og nokon — B: all og noen). — Jamstellande bindeord men, og, for. Talord. Adjektiv. Den bundne artikkelen. U sjølvstendige verb. Preposisjon. Setning sleder: Subjekt. Predikat. Komplement. Objekt. Arbeidsoppgåver: Å samla orda i grupper etter ordklasser. Å skriva ord i ei oppgåve i fastsette bøyingsformer. Å skriva setningar med oppgjevne setningsleder. Døme: Skriv ei setning med to subjekt og eitt predikat. Skriv ei setning med eitt subjekt og to predikat. Skriv ei setning med subjekt, predikat og to komplement osb. Å samla same slag setningsleder i grupper. (Døme: Skriv alle subjekta i oppgåva, så alle predikata, komplementa og objekta.) (70 — 80.) Frå 5. skuleåret brukar ein dei latinske grammatiske nemningane. 6. Skiljeteikn: Punktum, spørjeteikn, utropsteikn, komma i opprekning og der det er tydeleg stans. 1. Taleø vingar: Øving av vanskelegare ord. 2. Lesing: Still lesing med arbeidsoppgåver og høgtlesing. Nye arbeidsoppgåver: Utgreiing av hovudinnhaldet med stutte setningar. Noko dramatisering. Utfyllande lesing : Bøker med meir fagleg innhald i samband med dei andre faga. 3. Rettskriving: E — æ, vanskelegare tilfelle. Framhald med å øva o — u, stutt og lang å-ljod, -nd, -Id, -rd, stum g, hj, (B: hv), dobbelmedljod, N: kj, kkj, ki, ky, kei, køy, skj, ski, sky, skei, skøy, sj, gj, ggj, gi, gy, gei, gøy, j — B: kj, ki, ky, kei, køy, skj, ski, sky, skei, skøy, sj, gj, gi, gy, gei, gøy, j. Dessutan vt — ft, kt — gt, gs — ks. Ordrett tale. 4. Stilskriving (arbeidsoppgåver) : Fri stil. Gruppestil. Referatstil (t. d. frå eit møte, ei filmframsyning, av eit eller anna ein har lesi). 6. skuleåret.
Skann 66 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 64». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/66/