SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 63 skann 65

63 Arbeidsoppgåver: Å f inna ord med nemnd rettskriving. Setja skiljeteikn i ei oppgåve der desse teikna er utelatne. Diktat. Utanåtavskrift. Avskrift. 4. Stilskriving: Borna skriv om det som interesserer dei. Berre reint unnataksvis gjev læraren same oppgåve for heile klassa. Borna illustrerer stilane sine. 5. Grammatikk: Å bøya namnordet i eintal og fleirtal. Den übundne og den bundne artikkelen. Dei tre kjønna. Det jamstellande bindeordet og (og — å). Å jamstella naranord, gjerningsord og setningsleder. Dei tre hovudtidene til gjerning sorda: notid, fortid og framtid (i aktiv). Å dela setninga i subjektsdel og predikatsdel. Arbeidsoppgåver: Å firma namnorda i ei oppgåve. Å setja alle namnorda i ei oppgåve i ei viss oppgjeven form. Å samla namnorda i ei oppgåve i grupper etter kjønnet. Å skriva alle namnorda i ei oppgåve i alle bøyingsformer. Å firma alle gjerningsorda i ei oppgåve. Å setja alle gjerningsorda i ei oppgåve i infinitiv, notid, fortid eller framtid. Å skriva alle subjektsleder og predikatsleder i ei oppgåve på kvar side av eit loddbeint strek. 6. Skiljeteikn: Punktum og spørjeteikn. 5. skuleåret 1. Taleøving: Øving av meir ukjende ord. 2. Lesing: Still lesing med arbeidsoppgåver og høgtlesing. Ein spelar små dramatiserte forteljingar. Utfyllande lesing: Kvart barn les bøker på eiga hand — øving i å lesa høgt ein bolk av ei bok som interesserer, og i å fortel ja resten av innhaldet. 3. Rettskriving: E — æ — vanskelegare tilfelle. (Æ-ljodbrigde av å, æ-ljod framfor to medljodar — erle, ferd.) Lang og stutt å-ljod. Stutt o-ljod skriv ein med u. -nd, -rd, -Id. N: Hj — B: Hv, hj. Stum g. N: kj, kkj, ki, ky, kei, køy, skj, ski, sky, skei, skøy, sj, gj, ggj, gi, gy, gei, gøy, j — B: kj, ki, ky, skj, ski, sky, sj, gj, gi, gy, j. Dobbelmedljod: A setja saman to ord (alltid) og avleiingsendingar (N: lettleik, letna. — B: letthet, letne).
Skann 65 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 63». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/65/