SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 62 skann 64

62 tikkelen. Å kunna føra verba attende til infinitiv med hjelp av infinitivmerket å. Sernamn. Samnamn. Arbeidsoppgåver: Å f inna namnord i ei oppgjeven tekst, og setja dei i übunden eller bunden form eintal. Å firma gjerningsord i ei oppgjeven tekst og føra dei attende til infinitivforma med hjelp av infinitivmerket (70 — 80). 6. Stilskriving: Korte stilar etter sjølvvalt emne eller etter teikning. 7. Skiljeteikn: Punktum. 4. skuleåret. 1. Taleøvingar: Vanskelegare ord i lesebokteksta skriv ein opp på tavla (eller på plansjar) og les. 2. Lesing — i dette og dei skuleåra som etter kjem, skal elevane få øving i å lesa både bokmål og nynorsk, a. Still lesing: Lesestykke som borna kan greia på eiga hand, nyttar ein til still lesing. Etter still lesing kan ein ta ei arbeidsoppgåve, som syner om borna skjønar og kan innhaldet av stykket. Døme på arbeidsoppgåver i still lesing: Å dela stykket opp i bolkar med høvelege overskrifter. Eit stutt munnleg eller skriftleg samandrag av innhaldet. Svar på spørsmål om innhaldet i stykket. Teikningar. b. Høgtlesing: Ein skal auka lesefarten med at ein går grundig igjennom ljodinnhaldet i små bolkar. Slike øvingar må ikkje ta meir enn om lag 5 minutt av ein time. Øving i å lesa opp for kameratane. Å lesa opp ein bolk av ei bok og gjeva ei stutt utgreiing om resten av innhaldet. Innhald av lesestykke nyttar ein ut til leik. Utfyllande lesing. 3. Rettskriving: Ein gjennomgår meir om e—æ, einskild og dobbel medl jod, lang og stutt å-ljod, tviljodar, å dela ord, N: kj, kkj, ki, ky, kei, køy, skj, ski, sky, skei, skøy, sj, gj, ggj, gi, gy, gei, j — B: kj, ki, ky, skj, ski, sky, s h 9J> 9h 9U, j- Hj i nokre vanlege ord. N: kj, kv —B: hv i nokre vanlege ord. Stum g (N: farleg, tidleg — B: farlig, selge), bøyingsformer (N: brenna — brende, stygg — stygt, mogen — mogne — B: brenne — brente, stygg — stygt, moden modne).
Skann 64 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 62». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/64/