SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 61 skann 63

61 Borna deler ikkje orda i stavingar med strek imellom i bøkene sine. Ein skal og venja dei til å ikkje dela ord når ein tek til med ny line. 1 5. Stilskriving: Små stilar. Borna teiknar ofte situasjonar dei skriv om. 6. Førebuande grammatikkopp læring. Øving i å sjå eitt og same ordet i ulike former. Ein må ikkje bruka dei grammatiske namna på dette steget. 1. Taleøvingar: Å lesa ordrekkjer. Å øya opp pusten ved å lesa lange rekkjer på ein pust. Å uttala lang og stutt med- Ijod tydeleg. 2. Lesing: Borna les lette, stutte stykke stilt. Lengre stykke som treng utgreiing, les dei høgt. Ein tek opp att innhaldet med leik. Arbeidsoppgåver: Teikning, svar på skriftlege spørsmål. Utfyllande lesing: Små bøker med eventyr, stuttare forteljingar eller forteljingar med lett samanhangende innhald. Elevane lærer alfabetet utanåt. 3. Rettskriving: 2 Reglane om e — æ, dobbel og einskild medljod, (B: hv), lang og stutt å-ljod, tviljod, og om å dela ord. N: kj, kkj, ki, ky, kei, køy, skj, ski, sky, skei, skøy, sj. gj. ggj» gi» gy. gei, gøy, j, — B: kj, ki, ky, skj, ski, sky, s j» gj» gi» gy» J» i or d ein vanleg råkar på. Arbeidsoppgåvar : Å firma ord med ei nemnd rettskriving. Diktat. Avskrift. Utanåtavskrift. 4. Munnleg forteljing: Borna fortel om noko dei har sett eller høyrt. Læraren skriv opp det borna fortel, så nær opp til barnet si eiga framstelling som råd er. Læraren les opp. Klassa rettar og kjem med framlegg. 5. Grammatikk: Elevane skal kjenna att namnord og gjerning sord. Å kunna føra namnordet attende til übunden og bun- den form eintal med hjelp av den übundne og bundne artikkelen. Å firma kjønnet med hjelp av den übundne ar- 1 Dette må. ein passa på gjennom alle skuleåra. * Både her og seinare gjeld det i hovudsaka berre ord som borna vanleg brukar. 3. skuleåret.
Skann 63 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 61». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/63/