SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 60 skann 62

60 Lesestykka bør i 1. skuleåret så langt råd er, vera leseeiningar — leksjonar. Har leseboka stykke som krev fleire timar lesing, må ein dela dei opp i naturlege leseeiningar. Kjem ein ikkje ut med stykket eller bolken, bør læraren lesa resten for borna, så dei får ein naturleg slutt på lesetimcn. Omfram leseboka bør borna få høve til å lesa på eiga hand små, lette biletbøker og små bøker med stutte forteljingar eller eventyr. Sers viktig er det at dei flinkare borna straks får ei bok til utfyllande lesing når dei greier å lesa på eiga hand. Ord pensumet for klassa brukar ein både til lese- og skriveøvingar, og ein bør krevja det lært både med omsyn til lesing og rettskriving. 2- skuleåret. 1. Taleøving: Å lesa ordrekkjer som er progressivt ordna. Serleg legg ein vekt på at borna uttalar s — r — sj — kj reint. I andre skuleåret skal dei vera nokolunde støe i å høyra skilnaden mellom sj og kj — og i å uttala desse ljodane. Like eins må dei få øving i å uttala s og r tydeleg og reint. 2. Munnleg forteljing: Borna fortel om ting og hendingar dei har sett eller opplevt eller høyrt om. Dei andre borna rettar eller fyller ut. 3. Lesing: Stutte stykke som er lette å skjøna for borna, skal ein helst nytta til still lesing. Stykke som treng utgreiing, bør ein bruka til høgtlesing. Lesestykke som gjev høve til leik, bør ein nytta ut på denne måten. Arbeidsoppgåver : Teikning. Utfyllande lesing: Små bøker med stuttare forteljingar eller eventyr. 4. Rettskriving: 1 Dobbelmedljod etter stutt sjølvljod i vanlege ord (N: sekk, slutt, sett — B: gutt, stutt, satt). Einskild medl jod etter lang sjølvlod i småord (far, han, til). Lang og stutt å-ljod i vanlege ord. Tviljod i vanlege ord. -ng, -nk. Æ-ljod i vanlege ord (N: er, her, der, nær, bær, svær — B: er, her, der, nær, bær, trær, være, bære). 1 Minstekrava i rettskriving gjeld overalt berre dei vanlegaste ord som høyrer til ordpensumet for .skuleåret.
Skann 62 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 60». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/62/