SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 57 skann 59

57 Å fin na døme til rettskrivingsreglar. Døme: Kvifor skriv vi å-ljoden ulikt i ord som N: odd, bråna — B: odd, tåle. Kva for regel er det som fastset skrivemåten for stygg, stygt? Synonym. Borna finn ord som ein kan byta om med andre ord som tyder om lag det same. Gruppering om sakleg innhald. Døme : Skriv namnet på lemene åt hesten. Skriv namn på den reiskapen ein brukar til eit namngjevi arbeid. Skriv alle dei ordlag du kjenner om veret. Diktaten. Til diktat bør ein 6g nytta aystytte setningar, (ein sparer tid på det viset dg), såleis helst ikkje samanhangande forteljingar med mange øvingsord som øydelegg god målføring. Døme: Med å ta opp att eller gå igjennom reglane for æ-ljoden: eit raudt bær, er ferdig, vil gjerne, ær på handa osb. Retting. Alt som borna sjølve kan retta, bør dei og retta sjølve. Men læraren må på jamnen kontrollretta til slutt. I stilskriving kan ein retta på denne måten: 1) Kvart barn rettar sjølvstendig, 2) læraren kontrollerer kladdane, 3) borna fører stilen inn i arbeidsboka. Dei orda som elevane har skrivi gali, skriv dei rett inn i serskilde hefte, og dei bør få oppgåver som er skikka til å rydja ut mistaka. Ordpensum. Det har synt seg at det er til stor nytte for borna å ha eit høveleg og nøye utarbeidt ordpensum for kvart skuleår. (Sjå merknad på side 55.) 4. Grammatikk. Tida for innøvinga. I grammatikkopplæringa har det serleg mykje å seia at dei ymse grammatiske omgrepa fyrst vert lærde når elevane har føresetnader for å eigna til seg stoffet. Å ta til for tidleg med dette stoffet er uheppeleg på fleire måtar. Opplæringa må vera mest mogeleg klår og konkret. På dei fyrste, grunnleggjande stega bør læraren gjera emnet klårt med å nytta bruksting, bilete og tavleteikning. Ein brukar både munnleg og skriftleg analyse. Med den skriftlege analysa kan ein mel. a. på stutt tid få greie på kva alle elevane i klassa kan og skjønar av det som er gjennomgått.
Skann 59 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 57». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/59/