SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 58 skann 60

58 Arbeidsoppgåver. Døme : Å firma ordklasser eller setningsleder. Å gruppera orda i ei oppgåve etter ordklasser og i fastsette bøyingsformer. Å laga setningar med namngjevne setningsleder. Opplæringa i grammatikk ligg sers godt til rettes for gruppearbeid av elevane eller for individuell opplæring. IV. Arbeidsplan for skuleåra. Ljodmåten : Borna lærer ljodane og bokstavane som teikn for ljod. Orda set ein saman med ljodering, ikkje med staving. 2. Ordbiletmåten: Før borna lærer ljodane, lærer dei å kjenna att og lesa nokre vanlege ord som einingar. 1 Fyrst når ei rad med slike ord er øvde, lærer dei ljodane. 3. Ljod- og ordbiletmåten: a) Ljod og ljodteikn vert lærde og samandregne til ord. b) Ein skriv dei vanlegaste orda på plansjar etter kvart som borna har lært å dra dei saman til ord. Borna øver orda. c) Borna øver seg dagleg i å skriva på veggtavla og firma att dei same orda på plansjane, d) Klassa skriv opp ei rad med namn på dyr, ting eller delar av skuleromet e. 1. Elevane får stendig øving i å setja rette namn på ting eller bilete av ting eller dyr. Før borna får leseboka, skal dei med skriftlege arbeidsoppgåver: 1) ha lært ljodane og ljodteikna, 2) kunna dra dei saman til ord. Etter at borna har fått leseboka, skal dei ved hjelp av denne boka kunna: 1) skriva einfelte avskrifter, 2) svara på lette spørsmål. I dette skuleåret skal ein freista fremja tale- og lesedugleiken med 1) samtale, 2) høgtlesing og forteljing, 3) lesing, 4) teikning, 5) leik. 6) Her tek ein og med arbeid i sandkasse, leire og plastilina — om det er høve til det. Kvar einskild bøyingsform av orda bør ein, når ein lærer borna dei, handsama som eit sjølvstendig ord: N: gut — guten — gutar — gutane, lesa — les, stygg — stygt — B: gutt — gutten — gutter — guttene, lese — leser, stygg — stygt. 1 Borna skal tidleg læra å kjenna att vanlege ord som var, på, til, han, så er o. 1. som einingar. Dei må difor fa turvande øving i å lesa slike ord så dei skjønar ordet med det same dei ser det. 1. skuleåret.
Skann 60 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 58». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/60/