SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 56 skann 58

56 Hygienen for lesinga 1. Det skal vera jamt ljos utan glans på boka. Beste ljoset er det diffuse dagsljoset som kjem ovanfrå eller attanfrå over vinstre aksla. Ein må passa på at det er godt kunstig ljos i dei roma der ein skal lesa. 2. Elevane skal sitja i naturleg stilling med augo om lag 30 cm frå boka. 3. I fyrste skuleåret må leseperioden vera etter måten stutt, ikkje meir enn 15 — 20 min. om gongen. To stutte periodar er betre enn ein, dersom denne eine er så lang som dei to stutte er til saman. På dette steget må leseperiodane skifta med anna arbeid som ikkje røyner augo. 4. Inga bok må brukast dersom: a) typane er for små, b) storleiken på boka er uhendig, uhøveleg (t. d. for lange liner), c) roma mellom linene for små, d) papiret er gjennomskinleg, eller det kastar ljoset for sterkt tilbake. 5. Oppdagar læraren at ein elev ser dårleg eller vert trøytt av lesinga, bør han straks syta for at eleven vert lækjargranska så han kan sleppa varande augnesjukdom. 3. Rettskriving. Avskrift. Avskrift som ikkje er gjennomgått på førehand, bør ein ikkje bruka på noko steg i skulen. Serleg verdlaus er ho i småklassene. Gjennomgått avskrift kan ein bruka, men snarast råd er bør ein koma over til utanåtavskrifta, 1 som ein kan nytta frå andre skuleåret. Meir verdfulle enn avskrifta er likevel arbeidsoppgaver som fremjar barnet si evne til å finna fram til stø og konsekvent rettskriving gjennom eige arbeid, men dei krev gjerne mykje tid, så ein ofte er nøydd til å ikkje ta med så mange slike oppgåver. Av slike arbeidsoppgåver kan ein nemna: Å finna fram til analog skrivemåte. Døme: N: gut — stut, han — kan, til — vil, fara — vara, kjenna — brenna, kjende — brende, dam — kam, demma — kjemma, nær — vær, lang — tang, tanke — banke — B: gutt — slutt, han — kan, til — vil, bare — fare, kjenne — brenne, kjente — brente, dam — kam, demme — kjemme, nær — vær, lang — tang, tanke — banke. Borna skriv alle rimord dei kan finna til oppgjevne øvingsord. 1 Borna lærer avskrifta (nokre setningar eller sers stutte bolkar) og skriv så utan å sjå i boka.
Skann 58 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 56». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/58/