SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 55 skann 57

55 Still lesing. Gjennom alle skuleåra skal borna få øving i still lesing. På alle steg må læraren finna ei rimeleg skifting mellom still lesing og høgtlesing. Serleg høveleg for still lesing er: emne av morosam art, emne som borna skal minnast og dra seg til nytte seinare, emne som ein sidan skal arbeida ut for eit eller anna føremål. Dikt, naturstemningar og kjenslerik litteratur er helst skikka til høgtlesing, like eins emne som krev serleg utgreiing. Still lesing skal serleg freista øva opp konsentrasjon om hoffet. Dei gode lesevanane som borna får gjennom still-lesinga, må læraren freista føra over på lesing i orienteringsfaga. Dramatisering. Frå fyrste til siste skuleåret skal ein nytta ut leikemomentet. Borna skal t. d. få lov til å leika seg gjennom innhaldet i eit lesebokstykke som høver for det. Borna kan sjølve laga replikkane eller få dei ferdig utforma, men dei kan og utan ord leika seg igjennom eit stykke, d. v. s. med minespel (pantomime). Arbeidsoppgåver i still lesing. Arbeidsoppgåvene kan t. d. vera: å svara på spørsmål, å gjeva ei stutt attgjeving av stoffet, der ein brukar stutte uttrykk, å dramatisera stoffet. Utfyllande lesing. Av di litteraturutvalet i leseboka er altfor snautt til å stetta lesetrongen hjå barnet, må kvar skule ha eit godt utval av klassisk barnelitteratur. Når ein vel litteratur, må ein koma i hug at smaken og lesetrongen til borna gjennomgår steg som er nokolunde dei same for flest alle born, og ein må passa på å lata borna få såvori lesestoff som dei likar og som høver for utviklingssteget. Ein viser her til Kyrkje- og Undervisningsdepartementet sin katalog for barneboksamlingar og til publikasjonar frå barneavdeilda ved dei større biblioteka, både med omsyn til å skipa lesestover og skulebibliotek, og til å bruka den klassiske barnebokheimen for dei ymse alders-stega. 1 Åkontrolleralesinga. Ein gong imellom kan det vera sers gagnleg å kontrollera lesinga. På det viset får både lærar og elev greie på korleis det er fatt med lesinga, og kva ein kan gjera for at eleven skal læra lesa betre. Ved still lesing kan ein kontrollera korleis elevane har skjøna innhaldet ved munnlege eller skriftlege spørsmål. ' Ein vit peika på at det vil høva godt å bruka eitt eller fleire av dei lese- verk som ikkje er innførde til bruk i skulen, til utfyllande lesing.
Skann 57 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 55». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/57/