SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 54 skann 56

54 ein flokk born i klassa, som ikkje heilt skjønar ord som kan vera heller vanlege. Difor kan ein lata borna lesa igjennom lesestykka for seg sjølve og skriva opp alle dei orda som dei er i tvil om, eller på annan måte granska saka nærare. b. Å uttala ljod del ar som ordet er bygt opp av. For å få borna til å ljodføra og uttala greitt dei stavingar som ordet er bygt opp av, må ein rå til at ein arbeider inn desse i samband som er så einfelte som råd er. Sjølvlj odane og tvil j odane a-e-i-o-u-y æ ø-å-øy-ei-ai-au set ein etter medljodar i denne rekkjefylgja: 1 b-f-v-m, d-t-1-n-r-s, k-g-j. Dessutan øver ein kj og sj. f Døme: ba be bi bo bu by bæ bø bå bøy bei bau.) Sjølvljodane og tviljodane set ein framføre medljodane. (Døme: am em im om um ym æm øm åm øym eim aim aum.) c. Å uttala det einskilde ordet. Ein kan skriva opp på plansjar einskilde ord, fyrst einstavingsord med ein medl jod føre sjølvlj od, så ord med fleire medljod føre sjølvljod: Døme: mat med mi mor mur myk mæ mør mål — stall sted stiv stod stur stygg stær stø står. Ein skriv orda best opp i loddbeine rader. d. Ja m n lesi n g. Den jamne lesinga rettar seg etter om borna skjønar orda, om dei fort får oversyn over ordgruppene, 2 og om dei lett kan eigna til seg innhaldet. Serleg viktig for jamn lesing er det at borna har god pusteteknikk. Pusteteknikken kan ein øya opp 1) gjennom pusteøvingar, 2) med å lesa ordrekkjer på ein pust, 3) med å setja pustestrek i teksta. e. Lesefarten. I dei to fyrste skuleåra bør ikkje læraren leggja noko større arbeid på å driva lesefarten opp, men meir på å få ein tydeleg artikulert uttale. Derimot frå tredje skuleåret bør læraren gradvis freista auka lesefarten. Lesefarten rettar seg elles etter om det er god leseteknikk. Det som helst hindrar ei tydeleg og god lesing, er: 1) uturvande lange opphald, 2) oppattak, 3) overspringingar, 4) å setja til ord, 5) brigde. 1 Ein gjev og turvande rettleiing om korleis ein skal bruka røysta rett. 2 Sjå merknad s. 58.
Skann 56 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 54». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/56/