SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 53 skann 55

53 2. Gjennom stutte lesestykke skal borna få a) eit lite utdrag or den norske bokheimen (prosa og dikt), b) skildringar frå arbeidslivet i dei ymse landslutene før og no. 3. Leseverket bør dessutan innehalda: a) emne frå soga som fyrst og fremst skal syna korleis det gjennom arbeid er skapt levevilkår her hjå oss, b) emne frå geografien som skal gjeva borna eit inntrykk av korleis naturen gjev vilkår for liv og arbeid som skil seg ut frå dei vi kjenner her heime, c emne frå naturfaget som skal vekkja og auka borna sin kjennskap til naturen ikring dei og få dei til å verta glade i vokstrar og dyr. 4. Leseverket skal innehalda eit nøye avmåta utval av skildringar av ideal-menneske til å stetta den naturlege trongen som borna har til å læra å kjenna menneske som dei tykkjer gjævt om. 5. Leseboka skal alltid visa til den boka som lesestykket er teki frå, dersom boka høver for alderssteget. 6. Høvet mellom sidetalet for dei to målformene (bokmål og nynorsk) må vera i samhøve med krava frå Kyrkje- og Undervisningsdepartementet. Like eins skal leseboka visa til utfyllande litteratur som borna kan ha gagn av å lesa. Borna må ha ei lesebok (leseverk) med stoff som høver på det alderssteget borna er. Skal borna ha rimeleg nytte av lesearbeidet i skulen, må dei 1. meistra den leseteknikken ein må krevja på vedkomande alderssteg, 2. skjøna det dei les. Det er fleire ting som krevst for at borna skal få ein god leseteknikk : Ordområdet må samsvara med evnene og framgangssteget til borna. Og så må dei uttala sikkert dei ljoddelar som ordet er bygt opp av, uttala godt det einskilde ordet, ha jamn lesing og god lesesfart. 1 a. Ordområdet. Læraren må ikkje lata seg narra av at eit einskilt eller fleire born sit inne med eit samanlikningsvis stort ordforråd. Granskar han nøgnare etter, finn han jamnast at det sit 1 Det har mykje å seia at borna fort kan få eit oversyn over dei større og mindre ordgruppene som ein etter innhaldet naturleg bør lesa saman (i eitt).
Skann 55 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 53». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/55/