SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 52 skann 54

52 naturleg for borna — anten skriftmålet i skulen er bokmål eller nynorsk. Lesestoffet vert fyrst og fremst fastsett med leseboka. Stoffet må ein velja omhugsamt, såleis at det best råd er høver med framgangssteget og røynsleområdet til borna. På alle steg i skulen skal lesinga fyrst og fremst tena norskopplæringa i det heile. Men gjennom den innføringa i ymse emne som lesinga gjev, vil ho i stor mon stø både heimstadlæra — på dei lågare klassestega — og seinare dei andre faga 6g. Ein må difor ta med emne som klarar opp ymse sider av livet såleis som det var og er i sitt rike mangfelde — på heimstaden og elles — alt med eit slikt innhald og ei slik form at borna skjønar det lett og er glade i å lesa det. Ved det borna les, må dei og få sjå inn i den rike og skiftande fantasi- verda — såleis t. d. gjennom eventyr og folkesegner. Skjemt og alvor frå livet til born og vaksne vil gjera hugen rikare — barnerim og dikt vil venja øyra til rytme og velklang, ordtøke og regler vil gjeva elevane kjenskap til noko av den praktiske livsvisdom som lever i folket osb. Det frie bruket av morsmålet i tale og skrift fremjar sjølwerksemda — i fullt samsvar med arbeids skuletanken. Elevane bør få læra nokre vers og songar utanåt — og helst slike som dei likar best, og songar som dei lærer tonane til i songtimane, så dei kan syng ja dei i norsktimane og, når det høver. Utgreiingar om ord og innhald i det ein les, bør ein på jamnen avgrensa til berre det naudsynlege. Serleg når det gjeld poetiske emne, må ein akta seg for å stykkja opp det ein les såleis at heilskapskjenninga og stemninga vert øydelagde. Ord og ordlag som ein meiner det er turvande å forklåra, kan ein gjeva -rettleiing om før ein les stykket eller diktet. Det er viktig å gjeva elevane noko rettleiing i å nytta hjelpebøker, vanlege handbøker og boksamlingar, så ein på denne måten og ven elevane til å bli glade i å lesa nyttig og god literatur. 2. Lesing. Leseboka er grunnboka for leseopplæringa. Ein bør difor setja desse krava til eit lesebokverk: 1. Det skal vera nøye avmåta etter den naturlege framvoksteren til borna både med omsyn til innhald og språk.
Skann 54 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 52». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/54/