SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 51 skann 53

51 c) setningar — sideordna setningar, hovudsetningar og undersetningar. 5. Skiljeteikn: Punktum, spørjeteikn, kolon og nokolunde rett bruk av komma. 6. Dei grammatiske nemningane. I 3. og 4. skuleåret kan ein bruka norske og latinske grammatikalske nemningar som ein vil. / 5., 6. og 7. skuleåret skal elevane læra å bruka dei namn som er førde opp her og som ikkje står i parentes. Ein skal ikkje bruka andre norske namn enn dei som står her. Adjektiv (eigenskapsord, adverb(ium), aktiv, apposisjon, artikkel, eigedomspronomen, futurum (framtid), gradbøying, grunntal, hankjønn, hokjønn, hovudsetning, zmperfektum (fortid), imperativ, infmitiv, inkjekjønn, interjeksjon (ropeord), komplement, konjunksjon (bindeord), mål-led, objekt, omsynsled, partisipp, passiv, peikande pronomen, perfektum partisipp (fortids partisipp), personleg pronomen, predikat, preposisjon (styreord), presens notid), presens partisipp (notids partisipp), refleksivt pronomen, rekkjetal, relative pronomen, resiprokt pronomen, sideordna setning, spørjande pronomen, stadled, subjekt, substantiv, talord, tid-led, übundne pronomen, undersetning, verb(um) (gjerningsord). Der det høver, er minstekrava — serleg i rettskriving, grammatikk og i å bruka skiljeteikn — sette med kursiv i arbeidsplanen. Elles må ein — så langt råd er — fastset ja minstekrava i dei bøker og andre hjelpemiddel som vert godkjende til bruk i skulen. 111. Rettleiing. Innleiing. Norskopplæringa skal vekkja og fremja målskjensla og språkmed vitet hjå elevane og hjelpa dei til å skjøna tankar og kjensler som er ordlagde i målet. Ho skal vekkja sansen for god lesnad og med det gjera sjelelivet til borna rikare — utvida førestellingslivet og tankelivet deira, utdjupa kjenslelivet og styrk ja den etiske sansen deira. Morsmålet er eit levande uttrykk for kulturen til eit folk. Gjennom innføring i norsk talemål og norsk bokheim får elevane kjennskap til norsk lynde og kunst og til kulturen vår i det heile. Av di faget skal tena dette føremålet og, er det mykje om å gjera å akta nøye på den målform som er mest heimleg og
Skann 53 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 51». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/53/