SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 50 skann 52

50 N tyder nynorsk og B bokmål. Der det ikkje står noko serleg teikn, gjeld det båe målformer. Minstekrav i rettskrivinga i det heile må ein fastsetja nøgnare med mogeleg godkjende ordpensa. 1 Elevane skal læra å bruka ei høveleg ordliste. (Alfabetet må dei læra utanåt.) 3. Stilskriving. Etterrøknader har vist at borna i slutten på siste skuleåret skriv stilar på om lag 250 — 300 ord, der ca. 90 pst. av orda er skrivne rett. (Ein tel då med alle orda, endå om dei finst fleire gonger i same stilen. — H. B. Morsmål soplæringen. ) Dette gjeld med den føresetnaden at borna skriv om emne som dei kjenner godt og likar å skriva om. Av emne som born gjerne skriv om, kan ein nemna: Turar, ferder, fritider, naturskildringar,heimstadskildringar, festdagar, moro og leik, fantasioppgåver (forteljingar dei sjølve har laga), å skildra personar og mønsterskapnader, dyreskildringer, idrott, liv og arbeid heime, oppgåver som er henta frå skulearbeidet. Ein åtvarar mot å bruka for mykje av «resonnerande oppgåver». 2 4. Grammatikk. Når borna sluttar 7. skuleåret, skal dei kjenna (70—75): a) ordklassene med bøyingsformene. Tider av verbet: aktiv: presens, perfektum, imperfektum, pluskvamper- fektum, futurum. passiv: presens, perfektum, imperfektum, pluskvamper- fektum. b) setningsledene — subjekt, predikat, objekt, komplement, omsynsled. 1 I Hans Beryersen: Arbeidsopgaver i rettskrivning er det sett opp eit ord- pensum for bokmålet. Dette pensumet har han utarbeidt på grunnlag av etter- røknader som same forfattaren har offentleggjort i Mor smålsoplær ingen (Arbeids- måten i folkeskolen). Ein viser dg til : 1) Etterrøknader av Carita Hassler Goranson (Sverike): Det primara ordfor- rådet og Rdttstavningsskala for folkskolans A-form. 2) A. Noesgaard (Danmark): Staveliste (utgjeven av Udvalget for skolepsykolo- giske Undersøgelser). Dessutan viser ein til desse amerikanske etterrøknadene: 3) The lowa Spelling Scala. 4) L. Ayres: A. Measuring Scala for Ability in Spelling. W. N. Anderson : Determination of a Spelling Vocabulary. Carita Hassler Goransons etterrøknader syner at gjentene har skrivi stavelista 91 pst. rett i 7. klassa. Det tilsvarande talet for gutane er 86 pst. I hen- nar etterrøknad er det teki med 335 av dei vanlegaste orda i målet. * Sjå Hans Berger tem: Morsmåhoplæriiujen, Oslo 1935.
Skann 52 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 50». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/52/