SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 49 skann 51

49 11. Minstekrav. 1 1. Lesing. a) Lesefart. Ein må ta sikte på ånå ein høveleg lesefart, både ved høgtlesing og still-lesing. Ved høgtlesing må ein passa på at farten ikkje vert så stor at lesinga vert utydeleg og vanskeleg å skjøna. Både ved høgtlesing og still-lesing er det stor individuell skilnad. Som ei rettleiing når det gjeld lesefarten ved slutten av siste skuleåret, kan ein nemna desse tala: høgtlesing 2 160—180 ord i minuttet, still-lesings 300—400 ord i minuttet. b) Å skjøna innhaldet. Både i still-lesing og i høgtlesing må ein halda innhaldet for å vera for vanskeleg dersom borna ikkje kan svara på om lag 75 pst. av kontrollspørsmåla. 2. Rettskriving. Elevane skal greia dei fleste av desse rett- skrivingsvanskane : 4 1) Dobbelmedljod. 2) -nd, -rd, -Id. 3) N: gj, g, ggj, hj, lj, j, skj, lj, j, skj, sj, kj, k. 4) N: e — æ, o — å, u — o; B: sk, sj, kj, k, kkj,; B: gj, g, hj, 5) N: og— å, at— att; B: og— å. 6) B: hver — vær, hvert — vært, får — for, viste — visste, hvis — viss — vis. 1 d. e. ved slutten av 7. skuleåret — der ikkje anna er sagt. Om minstekrava for dei ymse skuleåra — sjå arbeidsplanen. 1 Sjå mel. a. Norsk Pedagogisk årbok 1936 — Hans Berger sen: Lesefarten. Sjå 6g desse amerikanske standardkrava til lesefarten: 3 Lesefarten i still-lesing er sett opp etter ei rekkje leseprøver som H. Ber- gersen har haldi i folkeskulen. Stoffet som vart nytta til prøvene, var av lett- forteljande art og var ukjent for borna. Etter at borna hadde lesi det ein gong, røkte ein etter med spørsmål (10 sp. i 4. og 5. kl., 20 sp. i 6. kl. og 25 sp. i 7. kl.) kor mykje dei hugsa av innhaldet. Etterrøknaden gjekk for seg i slutten på skuleåret (april — mai). 4 Etterrøknader har vist at i klasser der elevane har vanleg gode evner, vil dei kunna greia 70 — 80 pst. jamtover av rettskrivingsvanskane når vanskane finst i ord som borna sjølve brukar i stilane sine — altså vanlege ord. Slike pst.-tal er førde opp i parentes fleire stader i planen. Tala gjev noko rettleiing om kva borna jamtover kan greia, men ein må her og seinare vera merksam på at skilnaden på klassene kan vera sers stor. 4 — Normalplan for landsfolkeskulen. hv — v, e — æ, o — å, u — o. »ei som har gjort etterrøknadane : Talet på ord nr. minutt 3. kl 4. kl. 5. kl. 2. kl. 6. kl. Wm. S. Gray Buswell og Wheeler Leiv is og Rowland 100 90 130 138 160 180 190 210 140 — 180 160—200 180—220
Skann 51 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 49». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/51/