SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 29 skann 31

29 Salmane set ein i nøye samband med opplæringa elles, såleis at dei fyller ut og kastar ljos over det emnet ein held på med, og hjeper til å laga den rette stemning. Når ein vél salme- og songvers, må ein ta omsyn til at borna har ulik evne til å skjøna det religiøse og poetiske innhaldet. Ein må 6g prøva å velja salmar med tonar som ikkje er for vanskelege å læra. Salmar som elevane skal læra, let ein klassa syngja så ofte det er høve til det, men ein bør elles akta seg for å lata borna syngja den same salmen eller songen så ofte at dei vert leie av han. Religionstimen bør ta til og slutta med song. Når borna med gjennomgåing på skulen har eigna til seg innhaldet, kan dei få eitt eller eit par vers om gongen til heimelekse. 2. I samanheng med å læra salmevers bør elevane 6g få vita litt om dei mest kjende salmediktarane. 3. Salmeboka kan ein bruka når ein gjennomgår kyrkjeåret og gudstenesta. Elevane må ha kvar si salmebok. G. Arbeidsoppgåver. 1 I kristendomskunnskap er det godt høve til å gjeva nokre lettare arbeidsoppgåver av ymse slag, og frå 5. skuleåret bør elevane ha ei arbeidsbok (d. e. ei skrivebok e. 1.) som dei fører inn nokre av arbeidsoppgåvene i. Nokre oppgåver bør vera sams arbeid (gruppe- eller klassearbeid), og resultatet av slikt arbeid samlar ein då i ei arbeidsbok som er sams for gruppa eller klassa. Arbeidsoppgåvene bør så langt råd er veia såleis at arbeidet tener til å fremda elevane sin dugleik til sjølvstendigare arbeid. Nokre døme på oppgåver det kan verta tale om: 1. Å fortel ja att med eigne ord eit bibelsogestykke e. 1. som eleven har høyrt læraren fortelja, eller han sjølv har lesi. 2. Å fortelja att hovudinnhaldet av eit bibelsogestykke, eit stykke frå Bibelen, eit salmevers e. 1. når ein har boka framfor seg. 3. Å samla tilfang som skal kasta ljos over ymse religiøse og etiske tilhøve. 4. Å f inna bibelord og salmevers som gjev ord for ein viss tanke. 1 I dette faget har elevane arbeidsoppgåver berre på skulen,
Skann 31 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 29». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/31/