SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 28 skann 30

28 D. Kyrkjesoge. 1. Ein gjennomgår dei viktigaste personar og hendingar i kyrkjesoga såleis som planen for 6. og 7. skuleåret syner. Hendingar og personar som har hatt serleg mykje å seia for vårt eige land, legg ein størst vekt på. Til å gjeva elevane kjennskap til misjonen og den kristeleg-sosiale verksemda i vår tid går ein igjennom einfelte forteljingar om dei personane som har vori førarar på dei ymse områda. Når ein held på med dette, bør ein så langt råd er, nytta ut det stoff til utfyllande lesing som finst på skulen. 2. Det er viktig at ein i denne opplæringa ikkje legg vekta på læretretter og læresystem e. 1. E. Katekisme. 1 1. Når læraren går igjennom katekismetekstene fyrste gongen, tek han dei jamnast saman med forteljingar frå bibelsoga eller frå kvardagslivet. 2. Ikkje før i dei to øvste klassene går ein gjennom katekisma i samanheng etter ei høveleg lærebok. Den arbeidsplanen som her er sett opp for skuleåra, byggjer på at samanhangande katekismeundervisning skal ikkje ta til før i 7. skuleåret. Der ein tek til med denne undervis- ninga alt i 6. skuleåret, må ein skifta stoffet på ein annan måte mellom dei to klassene. I denne undervisninga repeterer ein katekismetekstene og går gjennom Luthers uttydingar med sikte på at elevane skal skjøna og eigna til seg innhaldet, men uttydingane skal dei ikkje læra utanåt. 3. Til å gjera katekismetekstene mest mogeleg greie og levande for borna vél ein gode døme, helst frå bibelsoga og frå kvardagslivet. 4. I samband med katekismestykka går ein igjennom nokre høvelege bibelord, salme- og songvers. Noko av dette stoffet lærer elevane utanåt — såleis som planen for 7. skuleåret syner. F. Salmar og songar. 1. Salmar og songar brukar ein i alle skuleår. Dei bør helst ikkje vera vanskelegare enn at borna med einskilde stutte utgreiingar kan skjøna og eigna til seg innhaldet. 1 Lærebok får elevane fyrst i det skuleåret der den samanhangande kate- kismeopplæringa tek til, men dg i dei andre skuleåra skal ein berre bruka dei tekstene som står i katekisma.
Skann 30 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 28». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/30/