SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 30 skann 32

30 5. Å firma døme på bibelhistoriske eller andre forteljingar, bibelord og salmevers som tener til å greia ut visse kåtekismestykke osb. 6. Å svara på spørsmål i samband med utfyllande lesing om kyrkjehistoriske emne. H. Læremiddel. Til hjelp ved opplæringa brukar ein ymse slag læremiddel. Det er viktig at skulen har dei naudsynlege kart og ei høveleg samling bilete (gode bibelhistoriske plansjar og attgjevingar (reproduksjonar) av kunstverk, balloptikonbilete, film o.l.). Bileta kan skildra såvori som har gått for seg i soga, naturtilhøve, folkeliv, kulturelle tilhøve osb. Dei skal hjelpa elevane til å skjøna forteljingane betre, og til å gjera emnet levande for dei. 111. Arbeidsplan for skuleåra. Samtale med borna om Gud og om godt og vondt. Einfelte forteljingar, som høver for born, med etisk og religiøst innhald som innleiing til opplæringa i kristendomskunnskap. Lettare forteljingar frå Det nye testamentet. Nokre lette bibelord og vers i samband med forteljingane. I. Religiøs og etisk åskodings = opplæring til å førebu kristendomsopplæringa. Døme på emne. Farogmor: Gud held av oss og syter for oss. Han er far for alle. Gud har skapt alt. Med samtale om barnet i heimen, når det er på skulen, og elles, freistar ein vekkja hugen til det som er godt. Det ein vil prenta inn, gjer ein klårt med forteljingar og døme frå kvardagslivet. Heimen : Det daglege livet i heimen, fødselsdagar og andre festdagar. Korleis vi bør vera mot foreldre, sysken og tenestfolk. Skulen : Korleis vi bør vera imot kvarandre på skulen. Seia sant. Ikkje ta utan lov. Ikkje bruka skarvord. Ikkje slarva eller fisla. Vera snill mot alle. Vera god mot dyra. Ikkje Øydelegg ja, men verna om alt vakkert som Gud har skapt, og det menneske har laga til gagn og glede. Kom i hug å takka når du får eitkvart. I. skuleåret.
Skann 32 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 30». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/32/