SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 27 skann 29

27 stykket eller set innhaldet av stykket i skuggen. Hovudsaka er at forteljingane vert så levande som råd er, såleis at dei tek borna og verkar på kjensla og viljen deira. I dei høva det fell naturleg, kan ein samla og innprenta det viktigaste av det religiøse og etiske innhaldet i stykket med eit høveleg bibelord, eit salmevers eller eit songvers. C. Bib e 1 1 esi n g. 1. Frå og med 5. skuleåret får elevane noko øving i å lesa og finna fram i Bibelen. Dei bolkane klassa skal gå igjennom i skuleåret, må ein velja med omhug, og serleg må ein passa på at ein ikkje vel emne som er for vanskelege. 2. Stykke som borna kjenner frå bibel soga, og sume andre lettare bolkar, les ein kursorisk. Her gjev læraren berre dei aller naudsynlegaste opplysningar og utgreiingar. Viktigare stykke som borna ikkje kjenner frå før, går ein grundigare igjennom. I alle høve må ein gjeva dei opplysningar som trengst. Sume stykke kan ein gjeva borna til gjennomlesing heime. 3. I samband med at ein gjennomgår bergpreika, freistar ein å gjeva elevane eit heilt og fullendande bilete av kristentru og kristenliv — tilmåta etter det borna kan skjøna. 4. I alle klasser nyttar ein den siste religionstimen føre jul til å gå igjennom juleevangeliet. Frå og med 2. skuleåret brukar ein på same måten den siste timen føre påsken til å gå igjennom påskeevangeliet, og i dei siste skuleåra tek ein pinsevangeliet den siste religionstimen føre pins. 5. I 7. skuleåret — eller før så framt det høver betre — må elevane få vita litt om korleis Bibelen har vorti til. Elevane må få vita at Bibelen er vegvisar i tru og liv, men ikkje kan ver a noka lærebok i naturfag og geografi e. 1. I desse ting gjev bibelforf åttar ane ord for det syn menneska hadde nått fram til den tid skriftene vart til. Når ein går igjennom det gamaltestamentlege stoffet, må ein leggja vekt på den verdfulle religiøse og etiske kjernen i stykka, og ein må og peika på korleis Jesu liv og forkynning lyfter det heile opp i eit nytt og høgare plan. Når det gjeld forteljingar om under, fylgjer ein Jesu føremål og gjer ikkje det uvanlege og bisnelege til hovudsaka, men det som styrkjer trua og rettleier for livet.
Skann 29 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 27». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/29/